Dei kommunane som Stortinget har vedtatt skal bli ein del av nye Ålesund kommune: Ålesund, Skodje, Ørskog, Haram og Sandøy, har alt ei stund hatt møte og planlagt innhaldet i den nye storkommunen, som får nærare 65.000 innbyggarar å starte med.

Rapportane tyder på at dei er rimeleg godt forlikte, men det vil ikkje overraske om det i tida fram til samanslåinga skal formaliserast i 2020 vil dukke opp skjær i sjøen. Dei er til for å løysast.

121 kommunar på landsbasis skal gjennomføre 47 samanslåingar fram mot 2020. Det er basert på vedtaket Stortinget gjorde 8. juni i år.

Kommunal Rapport har spurt rådmenn og prosjektleiarar i samanslåingskommunane om korleis det går.

53 prosent av kommunane gjer det klart alt no at dei forventar at samanslåinga vil gjere den nye kommunen meir effektiv, og at det kan frigjere ressursar til å gi betre tenester.

40 prosent av kommunane meiner det er for tidleg å seie noko sikkert om effekten, og sju prosent svarer at dei ikkje forventar nokon effektiviseringsgevinst.

Tida vil vise, men eit av måla regjeringa hadde med reforma var å sikre at kommunane vart betre rusta til å møte framtidige utfordringar, og dei blir det ikkje færre av.

Sidan 1990-talet har innbyggarane fått fleire rettar knytt til helse, velferd og utdanning, og granskingar har vist at velferdstilbodet ikkje er så likt frå kommune til kommune som politikarane har vedteke det skal vere. Det har med storleik, alderssamansetjing og frå- eller tilflytting å gjere.

Forgubbing er eit kjent fenomen også i fleire kommunar i vårt distrikt. Det er mange utfordringar med samanslåingar.

Den sannsynlegvis største gevinsten vil ligge i at det blir skapt større og meir robuste fagmiljø i større kommunar. Slik sett er kommunereforma kanskje først og fremst ei kompetansereform.

I førre veke opplevde fleire kommunar storflaum. Etterpå sa åtte av ti ekspertar at Kommune-Norge er altfor dårleg budd på ekstremvêr.

Kommunane kan ende opp med å måtte ta rekninga for skadar i område som burde ha vore sikra betre. Forsikringsselskapa vil ikkje betale. Kompetanse på førebygging mot miljøskade må til også i kommuneadministrasjonen, og det kjem også fleire nye oppgåver knytt til velferdsteknologi.

Større fagmiljø må til.