Mens Ap i tidlegare valkampar har talfesta lovnader om nye sjukeheimsplassar, er det stilt om dette i år. Kanskje fordi tidlegare lovnader langt frå er blitt oppfylte.

At dei eldre helst vil bu heime, er eit faktum, men når skrantande helse set inn, og dei pårørande er langt borte, er det sjukeheimsplassar som er den løysinga dei helst vil ha.

I 2015 var det knappe 41.000 plassar i kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar.

Det er ein nedgang på ein prosent frå 2009.

Det året lova Ap 12.000 fleire sjukeheimsplassar.

Det gjekk altså galne vegen i høve til at talet på eldre og pleietrengande auka.

Seinare også har det vore ein tendens til at sjukeheimsplassar er omgjort til billegare eldreomsorg.

Ein av lovnadene frå Støre som bør få brei oppslutning er å lovfeste at ektepar og sambuande skal få bu saman på sjukeheim. Det må gjelde også dersom den eine strengt tatt er for frisk til å oppta ein sjukeheimsplass.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Også Høgre/Frp-regjeringa er frampå med fleire fornuftige lovnader innan eldreomsorga. Helseminister Bent Høie lovar at om regjeringa får halde fram, så vil det bli lovpålagt at alle eldre som får plass på sjukeheim skal få ein gjennomgang av medisinane dei brukar.

Det er eit viktig tiltak.

I snitt brukar kvar sjukeheimsbuar sju medisinar, og kvar tredje sjukeheimsbuar brukar minst ein medisin dei ikkje burde ha brukt. Det fører mellom anna til at dei blir sløva ned, og dermed også misser kontrollen over liva sine.

Han vil også at alle kommunar frå neste år av skal ha lege, sjukepleiarar, fysioterapeut, jordmor og helsesøster, og frå 2020 også ergoterapeut, psykolog og tannlege. Slik kompetanseoppbygging er viktig, og det er også noko kommunereforma legg opp til.

I kampen om kommunale helsekroner er det gjerne dei aller eldste med sviktande helse og kroniske sjukdommar som taper. For dei er behovet for pleie og omsorg i sjukeheimar den beste løysinga.

Det bør vi ha råd til.