Stortingsval Mandag skal det avgjerast kven som skal styre Norge dei fire neste åra.
            (Foto: June R. Johansen)

Stortingsval Mandag skal det avgjerast kven som skal styre Norge dei fire neste åra.Foto: June R. Johansen

Leder om valg 2017:

«Derfor bør du bruke stemmeretten din i dag»

Vi er meir enn heldige. Vi får høyre til eit land som har eit velfungerande demokrati, høg grad av tillit, full ytringsfridom, pressefridom og religionsfridom. Det må vi aldri ta som sjølvsagt. I dag skal det avgjerast kven som skal styre Norge dei fire neste åra. Alle over 18 år har det privilegiet at dei kan seie si meining gjennom stemmesetelen. Det norske politiske systemet er eit representativt demokrati. Det betyr at vi stemmer på dei representantane som vi meiner skal få plass på Stortinget, slik at dei kan styre på vegner av oss alle. For at dette systemet skal fungere, må mange delta, helst alle som har stemmerett. Dei færraste finn eit parti ein er hundre prosent einige med, men ein kan bestemme seg for kva som skal vere aller viktigast.

Liveblogg: Følg stortingsvalget direkte med Sunnmørsposten

I år er det rekordmange som har stemt på førehand. Det lover godt. Høg valdeltaking fortel noko om engasjementet. Ved Stortingsvalet i 2013 var deltakinga på 78,2 prosent. Det er eit stykke unna rekordåret i 1965, då 85,4 prosent deltok ved stortingsvalet. Statistikk viser at det er fleire kvinner enn menn som stemmer, og det er fleire med høg enn med låg utdanning. Valdeltakinga er lågast mellom folk under 30 år, og det er ei stor utfordring. Politikk handlar om å prioritere, og forvalte fellesskapets midlar. Då er det viktig at ulike interesser blir representert, for styreforma er basert på tillit. Den viktige tilliten er avhengig av at alle grupper i samfunnet opplever at dei er representerte i demokratiske prosessar og organ, og at alle har eit ansvar for å delta. Demokratiet har dei beste spelereglane for å takle usemje og konflikt i samfunnet, og det finst ingen gode alternative styreformer. Derfor kan vi ikkje vere likegyldige.

Kan du love? Kva svarer politikarane på spørsmål frå lesarane

Dei siste meiningsmålingane viser at det blir ein spennande kamp om det siste mandatet frå Møre og Romsdal i dag. Små marginar kan avgjere kven som skal representere denne regionen, og kven som skal styre landet. I dag har alle ei stemme som tel like mykje, uavhengig av posisjon, rikdom, utdanning eller kjønn. Det einaste som tel, er at stemma blir brukt.

Godt val.

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

For at dette systemet skal fungere, må mange delta, helst alle som har stemmerett

Leses nå
 

Forsiden nå:

Førpremiere på spillefilmen «Rett vest» på Ona:

– En skikkelig god-film