Det meste tyder på at på samrådingsmøtet mellom dei borgarlege partia onsdag, så kjem KrF-leiar Knut Arild Hareide til å varsle at partiet ikkje vil inngå ein ny samarbeidsavtale med regjeringa, men går i opposisjon.

Det er nok mandatet han har fått frå landsstyret sitt, men partiet er djupt splitta i denne saka.

Særleg i partiet sine kjerneområde på Sør- og Vestlandet er det mange som meiner at KrF burde gå inn i regjeringa.

Blant dei som meiner det er fylkesleiaren i Hordaland, Pål Kårbø, og den kristne avisa «Dagen» har også slått fast at KrF bør vere med i ei brei ikkje-sosialistisk regjering. Det skjer altså ikkje.

Partiet vil prøve seg som vippeparti i Stortinget, men vil slite med truverdet all den stund at KrF kjem til å misse den siste resten av kjerneveljarane sine om partiet skulle bidra til at Jonas Gahr Støre og SV kjem til makta.

Dei siste fire åra har KrF oppnådd mykje gjennom forlik med regjeringa: auka kontantstøtte, K-en i KRL-faget og milliardinvesteringar til rusomsorg og til omsorg for folk med psykiske problem.

Ved at KrF har stått utanfor regjeringa, er det meir regjeringspartia enn KrF som har fått æra for dette. Dei har nok også rett som hevdar at veljarane i Kristeleg Folkeparti gjennomgåande er meir borgarlege enn det partileiinga og tillitsmannsapparatet er. Det gjeld særleg i dei delane av landet der KrF står sterkast.

Valet har gitt ei stortingsgruppe som er konsentrert til Agder-fylka, Rogaland og Hordaland. Mandata i Østfold, Vestfold og Oslo er borte. Partileiar Knut Arild Hareide hadde ein ambisjon om å bygge opp KrF til eit sterkt sentrumsparti. Det har vore mislykka.

Sentrum som eit sjølvstendig alternativ er borte her i landet, slik vi har sett det i mange andre land.

Kva som vil skje vidare framover i denne stortingsperioden, er ikkje godt å seie.

Vi kan få ein repetisjon av det som skjedde i 1983, då KrF og Sp valde å bli med i Willoch-regjeringa trass i at dei etter valet i 1981 hadde vegra seg mot å vere med på å administrere abortlova.

I Venstre er nok lysta etter å bli med i regjeringa sjølv om også Frp er med, større enn lysta i KrF, men det er usikkert om dei to partia vel i skilje lag.

Går Venstre med, aukar sjansen for at også KrF kan kome med i løpet av stortingsperioden. Kanskje etter at eit landsmøte har avklara situasjonen?