ISOLASJON Noko av det viktigaste vi kan gjere på kort sikt i kampen for demensråka er å få større openheit om sjukdommen og bringe fleire ut av einsemd og isolasjon.

ISOLASJON Noko av det viktigaste vi kan gjere på kort sikt i kampen for demensråka er å få større openheit om sjukdommen og bringe fleire ut av einsemd og isolasjon.

Leiar, 28.september 2017:

«Meir openheit om demens»

Demens er ein av dei store helseutfordringane våre dei komande tiåra.

Allereie i dag har nær 80.000 personar i Norge demens, minst. Talet vil auke sterkt i åra som kjem. Om vi ikkje tar dette alvorleg no, vil det kunne bli kritisk seinare.

Norge la i 2007, som det første landet i verda, fram ein eigen plan for tenestetilbodet til personar som er råka av demens. Demensplanen la vekt på tre hovudtiltak; styrka dagtilbod, tilpassa butilbod og auka kunnskap og kompetanse både for tilsette i omsorgssektoren og pårørande.

Ti år er gått. Vi er komne mange steg vidare, både med planarbeid og tiltak, men vi har framleis mykje ugjort.

Fram mot 2040 er det venta at talet på demensråka vil vere dobla. Eit krafttak må til både i kommunal eldreomsorg, i spesialisthelsetenesta og i demensforskinga.

Ifølgje Nasjonalforeninga for folkehelsen kostar demens samfunnet 28 milliardar årleg. Vi har derfor sterke økonomiske motiv for å gjere det vi kan for å overvinne sjukdommen. Men meir viktig enn den samfunnsøkonomiske kostnaden er omsynet til den enkelte som vert råka.

Vi får neppe ein kur for demens med det første, men vi kan gjere mykje for å lette byrdene for dei som får sjukdommen og deira pårørande.

Både styresmakter og private må gjere meir for å leggje samfunnet til rette for dei råka.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Ny teknologi kan bidra til å gi demente større fridom og tryggleik og gi avlasting til pårørande. Tilrettelagde bustader vil også kunne gjere det lettare å leve med demens, og arbeidsgjevarar kan gjere sitt for at demente kan stå i arbeid så lenge som råd. Dette har stor verdi for svært mange.

I dag blir den internasjonale altzheimerdagen markert i Ålesund. Sandra Rogne blir der tildelt årets demenspris i Møre og Romsdal, og held foredrag om korleis det var å vekse opp med ein far med demens.

Dette er ei påminning om eitt av dei viktigaste tiltaka i demensomsorga. Framleis er det slik at mange med demens isolerer seg og opplever einsemd. Dei sosiale barrierane kan berre brytast ned med meir kunnskap. Dette kan vi ikkje berre overlate til forskinga og helsestellet. Vi må som samfunn ta eit felles ansvar, og slik gjere det lettare å leve med demens. Rogne og andre pårørande gir eit viktig bidrag.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Framleis er det slik at mange med demens isolerer seg og opplever einsemd

Leses nå
 

Forsiden nå:

Historisk eiendom legges ut for salg

Siste jul i Volsdalstunet

Kristtorn fra egen hage pynter tram og stue i Volsdalstunet. Etter å ha vært i familiens eie i flere hundre år pynter Mia og Ivar M. Voldsdal til sin siste jul i tunet. På nyåret legges den historiske eiendommen ut for salg.

Førjulstreff i Eikhagen på Aspøya

Julekos med historisk sus

De gamle trehusa i Eik-hagen var pynta til jul da Fortidsminneforeningen Sunnmøre og frivillige på Aspøya inviterte til førjulstreff andre året på rad.

Lysmansjett, bord og stol tok fyr

Hos en eldre kvinne i Ålesund fikk brannvesenet slokket et branntilløp søndag kveld.

Ekornes sender årleg fleire hundre trailerlass på skip

Ekornes sender årleg fleire hundre trailerlass på skip

Billigare, tryggare og miljøvennleg: Sjøtransport har vist seg å vere ei god løysing for Ekornes.

Gullalder kan være over i oppdrett: – Bare bra, sier Hofseth

Gullalderen er over i oppdrett, mener laksegründer Anders Pedersen. I fjor sommer solgte han Fjordlaks for en milliard kroner. Siden da har prisene falt mye.

CIA hjalp Russland med å avverge angivelig IS-angrep

Russlands president Vladimir Putin har ringt Donald Trump for å takke ham for et tips fra CIA som kan ha avverget flere bombeangrep mot St. Petersburg.