Drikk mindre Norske tenåringar drikk mindre alkohol enn tidlegare. På 15 år har talet på tenåringar som seier dei har brukt alkohol den siste månaden blitt meir enn halvert.
            (Foto: NTB Scanpix)

Drikk mindre Norske tenåringar drikk mindre alkohol enn tidlegare. På 15 år har talet på tenåringar som seier dei har brukt alkohol den siste månaden blitt meir enn halvert.Foto: NTB Scanpix

Leder om ruspolitikk:

«Det betalar seg å halde på ei restriktiv line»

Ungdom i dag har langt betre haldningar enn sine foreldre til rus og røyk. Stadig fleire droppar røyken og utset alkoholdebuten. Langt færre enn tidlegare har også latt vere å prøve rusmiddel som cannabis.

Forklaringane på kvifor det er slik, er sjølvsagt fleire og samansette, men vi må ha tru på at det handlingsskapande arbeidet og ein restriktiv alkoholpolitikk er sterkt medverkande til ei slik positiv utvikling.

Ser vi på kva gevinstar det er å hente, er det all grunn til å halde fast ved ei slik restriktiv line. For kvar ungdom som lar vere å røyke og som utset alkoholdebuten, blir samfunnet spart for kostnader. Endå viktigare er det at den enkelte reduserer risikoen for helseplager.


Undersøkelse: Én av fire har prøvd cannabis

En firedel av Norges befolkning har prøvd cannabis. 3 prosent bruker det jevnlig, viser en ny undersøkelse.  

Den positive trenden vart stadfesta i ein rapport som Folkehelseinstituttet offentleggjorde nyleg. Den delen som har drukke alkohol eller brukt cannabis har falle markert sidan hundreårsskiftet. Det same gjeld røyk. I 1999 hadde åtte av ti 15- og 16-åringar prøvd røyk. No er det falle til tre av ti.

Dette er svært gledelege resultat. Norsk ungdom kjem også godt ut internasjonalt. I den europeiske skuleundersøkinga ESPAD ligg norske tenåringar konsekvent lågt på rusbruk. Det må bety at vi gjer noko rett.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Sjølv om endra sosiale vanar som følgje av at sosiale media har teke ein større plass i ungdommen sine liv kan forklare noko, forklarer det ikkje kvifor norsk ungdom kjem betre ut enn andre. Bruk av sosiale medier er stort sett likt fordelt. Vi må derfor ha tillit til at vi også har ein politikk som verkar.

Norge har ei restriktiv lovgiving samanlikna med andre når det gjeld alkohol og røyk. Argumenta for dette er mellom anna at vi ynskjer å redusere skadeverknadane. Når vi får stadfesta dei positive resultata, bør vi halde fast ved dette. Vi bør også styrke tiltaka som gjeld ungdom spesielt.

Ungdomstida er ein særleg sårbar periode. Jo tidlegare ein debuterer med rus eller røyk, jo større blir dei negative konsekvensane. Lista over potensielt negative skadeverknader både sosialt, psykisk og fysisk er lang. Vi må difor ta eit særleg ansvar for å skjerme dei unge.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Jo tidlegare ein debuterer med rus eller røyk, jo større blir dei negative konsekvensane

Leses nå
 

Forsiden nå:

Takkar kompisen for livet

Var døden nær – no har Jørn gått 200 mil

I 15 minusgrader blei Jørn Brendefur sitjande tynnkledd og hjelpelaus utanfor døra heime. Først etter sju timar blei han funnen, sterkt nedkjølt, av kompisen Anders Hjellbakk.

Leder 16. desember

Nordmenn i gjeldstrøbbel

Mer enn 200.000 personer er ikke stand til å betjene en renteøkning overhode.

Snart tid for prisutdelinger

Hvem mener du fortjener å hedres?

Sunnmørsposten deler hvert år ut tre priser: Idrettsprisen, Kulturprisen og Hedersprisen. Med denne tradisjonen ønsker vi å løfte fram personer i vårt område som har utmerket seg positivt, og som kan inspirere oss alle.