Det er langt over 100 år sidan den første fangen sona der, og snart bør vi sjå den siste ut av døra. Når det heller ikkje denne gongen er funne plass til pengar til fengselet i statsbudsjettet, er det lov å vere skuffa – og utolmodig.

Arbeidet for å få nytt fengsel på Sunnmøre har gått føre seg lenge nok til at ingen av partia som har hatt regjeringsmakt dei siste tiåra, kan skryte på seg resultat.

Status for både den raud-grøne regjeringa og den sitjande blå-blå er at ein avløysar til Ålesund fengsel ikkje har utløyst pengar.

Lokalt har det ikkje mangla på engasjement og planar, og ikkje alt har vore like handfast. Det har gjennom åra også vore motstridande interesser i spørsmålet om lokalisering, og slikt er sjølvsagt ikkje godt for framdrifta.

Den beste måten å sikre seg ein lunken statsråd, er lokal usemje.

Når det gjeld fengselsplanane på Sunnmøre, er den tida heldigvis no forbi. For over to år sidan vart tomtevalet på Digernes i Skodje banka gjennom. For vel to år sidan støtta også stortingsfleirtalet opp om tanken om nye fengsel i Ålesund og Haugesund då Fengselsmeldinga vart vedteken.

Men pengar har det vorte dårleg med. Korkje i statsbudsjettet for i år eller i forslaget for neste år har det kome ei einaste krone.

Det er sjølvsagt for dårleg. Vi er ein av regionane i landet med dårlegast fengselsdekning, og vi bør snarast få pengar på bordet til å få fart i planlegginga.

Nyleg sa leiar i Sunnmøre regionråd, Jan Kåre Aurdal, at regionrådet har sove i timen då Agder gjekk forbi Sunnmøre i fengselskappløpet.

No er det på tide å vakne.

Det er ikkje fruktbart å krangle om kven som har gjort kva, og det er ikkje tida for å gå stille i dørene.

Det er på høg tid å seie klart frå. Heile Mørebenken kjenner behovet, og det er i deira makt å kjempe inn pengar til planlegging av nytt fengsel på neste års statsbudsjett.

Det bør vere fullt mogeleg å få til, og slik gi fengselsplanane etterlengta, ny framdrift.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!