Først vart ho svikta av sine næraste. Tilhøva heime var så vanskelege, at barnevernet tok over omsorga. Så vart ho svikta i fosterfamilien, ved at fosterfaren misbrukte henne på det grovaste. Undersøkingar har i etterkant vist at barnevernstenesta i Ålesund også har svikta, ved at dei ikkje har oppfylt sitt tilsynsansvar.

Det er djupt tragisk at samfunnet ikkje klarer å ta vare på sårbare barn som treng hjelp. I sommar dømde Frostating lagmannsrett ein 58 år gamal fosterfar til fengsel i seks og eit halvt år for valdtekt og grove seksuelle overgrep mot jenta han var fosterfar til. Ifølgje dommen starta overgrepa då jenta var 12 år gamal, og gjekk føre seg til ho var 15 år. Fylkesmannen har etter gransking avdekka at barnevernstenesta i Ålesund ikkje fungerte som den skulle: Fosterfamilien var aldri godkjent som fosterheim, og det er heller ikkje blitt gjennomført tilstrekkeleg tilsyn, melder TV2.

Korleis kunne dette skje? Korleis kunne barnevernet sende jenta til ein familie som ikkje var godkjent? Dette må Ålesund kommune svare på. Alle steinar må bli snudd for å avdekke systemsvikten. Ingen barn skal måtte gjennomleve det marerittet som denne jenta har vore utsett for.

Det er ikkje berre i Ålesund at barn som er i barnevernets varetekt er blitt utsette for overgrep. Adresseavisen gjennomførte for nokre år sidan ei kartlegging av dommar som omhandla overgrep mot barnevernsbarn i fosterheim, avlastingsheimar eller støttekontaktar utnemnt av barnevernet. Undersøkinga viste at 52 barn var blitt grovt misbrukt i åra mellom 2000 og 2011 medan dei, heilt eller delvis, var under statens omsorg.

Til saman 42 offentleg utnemnde omsorgspersonar vart i denne perioden dømt for overgrep. Det er kommunen der fosterheimen ligg, som har ansvar for å føre tilsyn med at det enkelte barn får forsvarleg omsorg. Dommen mot fosterfaren viser at det på nytt er behov for å skjerpe oppfølginga av barnevernets tilsynsordning.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!