Listhaug: Sylvi Listhaug (Frp) vil modernisere asylbehandlinga. Det er på høg tid, men vi må passe på at rettstryggleiken ikkje blir svekka som eit resultat av effektivisering.
            (Foto: Staale Wattø)

Listhaug: Sylvi Listhaug (Frp) vil modernisere asylbehandlinga. Det er på høg tid, men vi må passe på at rettstryggleiken ikkje blir svekka som eit resultat av effektivisering.Foto: Staale Wattø

Leder om innvandringspolitikk:

«Rask, men rettferdig retur»

Regjeringa tar nye grep for å sikre raskare asylbehandling. Slik vil den både få raskare retur av dei som har rett på beskyttelse og raskare busetjing av dei som får opphald. Begge deler er viktig, både for mange flyktningar og for asylinstituttet.

Det er også viktig at innvandringsminister Sylvi Listhaug legg lagt planar for korleis vi kan møte ei flyktningkrise, slik vi hadde i 2015. Vi mangla då heilt eit system som kunne ta seg av utfordringane. Resultatet vart kaotisk, konfliktprega og millionar vart pøst ut på mottak som aldri kom i drift.

Bakgrunn: Listhaug varsler full omlegging av asylbehandlingen i Norge

Uavhengig av kor mange flyktningar Norge skal ta imot, kan vi ikkje ha det slik. Vi kan heller ikkje ha eit utlendingsbyråkrati som ikkje er effektivt nok i det daglege. Dette er ein sektor i forvaltninga som er moden for modernisering.

Sylvi Listhaug si omlegging av systemet for mottak og behandling av asylsøknader vart presentert av Aftenposten i går. Ho vil kutte mottaksutgiftene, løfte kvaliteten på asylsaksbehandlinga, sikre raskare retur og få raskare busetjing og integrering. Alt dette er svært etterlengta.

Lang ventetid i mottak er ei stor belastning for den enkelte flyktning, enten ein får opphald eller ikkje. Eit liv på vent, i stor uvisse kan vere helseskadeleg for svært mange, og er eit hinder for integrering og for å kome i gang med eit nytt liv for dei som til slutt får opphald.

Det viktigaste tiltaket for å få ned denne ventetida er å ha god kapasitet og å stille klare fristar for sakshandsaming. Ikkje minst det siste vil utan særleg tvil gi rom for ei betydeleg effektivisering, heilt uavhengig av ankemoglegheiter – som ofte får skulda for lang sakshandsaming.

Opposisjonen reagerer: Uro for rettssikkerheten i Listhaugs asyl-pakke

I jakta på effektivisering må vi likevel ikkje kaste alle andre mål og verdiar på båten. Vi må gjerne setje ein frist på 21 dagars sakshandsamingstid, og det held kanskje i mange saker. I meir krevjande saker, der det er tvil om identitet eller om opplysningar i asylsøknaden, bør vi ta den tida det treng.

Vi må for all del ikkje innføre eit system for sakshandsaming der vi ikkje tek vare på rettstryggleiken til den enkelte. På same måte som vi ventar at ingen uskuldig skal verte dømd i ei straffesak, må vi krevje at ingen skal vere returnert til forfylging, tortur eller drap. Effektiviserer vi, må vi samstundes sikre oss at vi gir vern til dei som treng det.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Ingen skal vere returnert til forfylging, tortur eller drap

Leses nå
 

Forsiden nå:

Gründer frå Hornindal har designa varme skosolar

Lanserte ladbar, batteridriven varmesole.

Nesten ingen nattlige spor etter Ylva

Ekstremværet Ylva ser ut til å ha roet seg eller passert Norge. I de nordligste fylkene har politiet fått inn en melding om uværet natt til fredag.

Venstre fram på ny måling

Venstre går fram et helt prosentpoeng til 4,8 prosent på Dagbladets novembermåling. Frp går mest fram, mens Sp er målingens taper.