Hordaland og Sogn og Fjordane går saman til eitt fylke. Det vil truleg syne seg å vere ei klok avgjerd. Avgjerda om å kalle det nye fylket Vestlandet, er derimot ikkje klok. Denne avgjerda bør ikkje få verte ståande.

Det er lett å forstå at folk i Hordaland og i Sogn og Fjordane kjenner seg stolte av å vere vestlendingar, og at det derfor knyter seg stor verdi i å samle seg om dette namnet. Problemet er at dei ikkje er åleine om å kjenne det slik.

Fleirtalet av innbyggjarane i Møre og Romsdal og i Rogaland har også slik. Dei bur også på Vestlandet og har sin identitet knytt til dette. Vestlandet er ein landsdel, uavhengig av kvar fylkesgrensene går. Slik vil det også måtte vere etter regionreforma, og ingen kan få lov til kuppe namnet.

Fredag vart fylkespolitikarane i fusjonsfylka samla i Gulen, og vart der samde om namnet på det nye fylket. Kvar for seg gjorde fylkestinget i dei to fylka vedtak om at fylket skal heite Vestlandet. Godt at sjølvkjensla ikkje svulma meir over, og at dei like godt kalla det nye fylket Norge.

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) avviser i Hordaland avviser at dei no kuppar namnet frå dei to andre vestlandsfylka, og syner til at alle dei fire fylka var inviterte til å vere med i det nye fylket. Ein skal leite lenge etter ein meir kunnskaps- og perspektivlaus uttale.

Møre og Romsdal og Hordaland sa nei til å vere med i eit nytt fylke. Dei sa ikkje nei til å vere med i Vestlandet, for det er der dei bur og vil halde fram med å bu, same kva nokre reformkåte og historielause fylkespolitikarar måtte vedta.

Mindre enn halvparten av innbyggjarane i dei fire vestlandsfylka bor i Hordaland og Sogn og Fjordane. Drar grensa for Vestlandet ved Romsdalsfjorden og mot Dalane, bikkar det så vidt andre vegen, men framleis omfattar altså det nye fylket berre om lag halvparten av alle som bor på Vestlandet.

La oss vere samde om at Vestlandet er ein flott landsdel. La oss vere samde om at Vestlandet er eit flott namn som fram til no har vore samlande for vestlendingane sin identitet og heimekjensle. La det halde fram med å vere slik. Kall fylket noko anna. Namnet Vestlandet er opptatt.