Filmguru: Meir enn 40 kvinner har fortalt om seksuell trakassering utført av mektige Harvey Weinstein, og skuldingane har utløyst #MeToo-kampanjen. Foto:NTB/AP
            (Foto: Jordan Strauss)

Filmguru: Meir enn 40 kvinner har fortalt om seksuell trakassering utført av mektige Harvey Weinstein, og skuldingane har utløyst #MeToo-kampanjen. Foto:NTB/APFoto: Jordan Strauss

Leder 6. november 2017:

«Trakassering og overgrep må aldri tolererast»

Seksuell trakassering og overgrep er alvorlege samfunnsproblem. Derfor er det positivt at kampanjen #MeToo har skapt merksemd og sett søkelys på dette omfattande problemet.

Kampanjen vart starta av den amerikanske skodespelaren Alyssa Milano i samband med Weinstein-skandalen, då ho på Twitter bad alle som hadde vore utsett for overgrep eller seksuell trakassering om å bruke emneknaggen MeToo.

I løpet av kort tid kom det inn tusenvis av svar, frå både kvinner og menn, og kampanjen har fått global oppslutning.

Skeptikarar har kalla kampanjen hysterisk og er redde for at uskuldige skal bli uthengt.

Rettstryggleik er avgjerande i alle slags saker.

Derfor er det viktig å understreke at det ikkje er straffbart å flørte på ein klønete måte, og vi har ikkje behov for offentlege gapestokkar.

Men det er alvorleg når sjefar og mektige personar misbrukar si stilling, og det er nettopp misbruk av makt som kampanjen har avdekka.

Overgrep, som ingen vågde å snakke om fordi dei var redde for å miste jobben, har kome til overflata.

Openheit er viktig for å avdekke problematiske forhold, og mange har bidratt i denne saka. Men enkelte betaler ein for høg pris.

Psykologspesialist Svein Øverland seier til Aftenposten at folk bør tenke seg nøye om før dei deler historier om seksuell trakassering og overgrep i sosiale medium.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Det som er bra for samfunnet er ikkje nødvendig bra for den enkelte.

Psykologen har alt fått pasientar som angrar på at dei har deltatt i kampanjen #MeToo, fordi kritikk i etterkant har vore vanskeleg å takle, og gjort dei meir sårbare.

I staden for å fortelje alt offentleg, burde dei heller delt det med nokon dei stolte på først, før dei tok det vidare.

Alle kampanjar stilnar etter kvart, og ebbar sakte ut. No handlar det om å gjere noko med dei kritikkverdige forholda som er avdekka.

Dei siste dagane har vi sett gode døme på at bransjeorganisasjonar har tatt fatt i problemet, og bevisstgjering er første steg.

Alle arbeidsgivarar har ansvar for å lage gode rutinar for varsling på arbeidsplassen, og det må følgjast opp.

Vi må vise i praksis at det er null toleranse for alle typar trakassering og seksuelle overgrep.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Det er nettopp misbruk av makt som kampanjen har avdekka

Leses nå