BRUFORFALL Nerlandsøybrua er eit skrekkdøme på bruforfall. Utan gode rutinar for inspeksjonar, risikerer vi at fleire slike vedlikehaldssjokk. 
            (Foto: Knut Arne Aarset)

BRUFORFALL Nerlandsøybrua er eit skrekkdøme på bruforfall. Utan gode rutinar for inspeksjonar, risikerer vi at fleire slike vedlikehaldssjokk. Foto: Knut Arne Aarset

Leiar, fredag 10.november:

«Må syne større ansvar for å ta vare på verdiane»

Ein har meir moro når ein får byggje nytt og klippe snorer enn når ein skal halde ved like og drive med inspeksjonar. Det er lett å forstå.

Men manglande vedlikehald og kontroll på korleis det står til med norske vegar, bruer og tunnelar er ein dårleg og kostbar måte å forvalte verdiane på.

VG kunne denne veka fortelje at det er svikt i rutinane for inspeksjon for meir enn halvparten av dei 17.000 bruene vi har i landet.

Nær 1.100 av dei er registrert med så alvorlege skadar at det er fare for bereevne eller trafikktryggleik.

Også her i nordvest har vi nok av døme på kor ille det står til med vedlikehaldet av bruer, til dømes Herøy-bruene.

Nerlandsøybrua er eit skrekkdøme. Delar av beredekket måtte her slipast bort, heilt ned på armeringsstålet, for å lette vekta på brukonstruksjonen. I tillegg er der innført regulering for å lette belastninga frå trafikken.

Det må byggast ny bru, men enno er ikkje pengane til det på plass.

Mangel på pengar til vedlikehald og erstatning av bruer der forfallet har kome for langt, er ein ting – og ille nok.

Minst like ille er det at Vegdirektoratet ikkje prioriterer pengar til inspeksjonar etter det regelverket dei skal fylgje.

Utan slike inspeksjonar har vi faktisk ikkje oversikt over kor mange bruer som har alvorlege skader og kor stort vedlikehaldsetterslepet på bruene faktisk er. Dette gjeld også der det berre er slurv med registreringa som er årsaka.

Vegdirektoratet kan uansett årsak ikkje med sikkerheit seie korleis tilstanden til bruene faktisk er. I sin tur kan det også så tvil om forsikringane om at ingen treng vere urolege for tryggleiken.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Vi risikerer også at politikarane prioriterer samferdslekronene på eit sviktande grunnlag.

Etter VG si avsløring vedgår Vegdirektoratet svikt i bruforvaltninga, slik dei også gjorde for vel to år sidan.

No lovar dei at svikten skal rettast opp.

Det får dei også lov til å fortelje samferdselsministeren som no kallar direktoratet inn på teppet.

Begge deler er ein god start, men det må føre til meir enn prat.

Det er ikkje første gong det blir avdekt manglar i måten vi tar vare på store verdiar i viktig infrastruktur.

Vi har høyrt lovnader om bot og betring før – og fått nye avsløringar.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Vi risikerer også at politikarane prioriterer samferdslekronene på eit sviktande grunnlag

Leses nå