Ålesundregionen har ein historisk sjanse til å utvikle ein sterk bykommune som kan hevde seg nasjonalt, og som kan vere med på å snu flyttestraumen ut av fylket. For å lukkast, er det behov for tett og godt samarbeid mellom kommune, næringsliv, forskingsmiljø og andre samfunnsinstitusjonar. Arbeidet er godt i gang, og innspelskonferansen på Campus Ålesund fredag gir grunn til optimisme.

Konferansen var eit samarbeid mellom Region Ålesund og NTNU, og samla rundt hundre deltakarar. Formålet var å meisle ut strategiar for å bygge ein sterk byregion. Fem kommunar skal bli til storkommunen Ålesund, og det er eit enormt omstillingsarbeid som skal gjennomførast samtidig som alle kommunale tenester skal driftast som vanleg. Det er grunn til å lytte til Geir Vinsand, dagleg leiar for NIVI Analyse, som meiner det bør innførast ein forsterka kommunemodell der nye Ålesund sjølv får ansvar for samfunnsutvikling. I dag er det fylket som har denne oppgåva. Fylkeskommunen bør heller ta rolla som kommunanes samarbeidsorgan, og bruke ressursane sine til å utvikle dei nye kommunane.

Mer fra Samspillskonferansen: – Byregionen må få mer hjelp

For å klare å bygge nye Ålesund i fellesskap, er det behov for ein tydeleg visjon som alle kan jobbe mot. Knut Flakk, konsernsjef i Flakk Gruppen og styreleiar i The North West, formulerte seg slik på innspelskonferansen: Ålesundregionen skal bli den grønast og mest berekraftige vekstregionen i Norge. Det er ein offensiv og positiv visjon som omfattar alle samfunnsområde, både når det gjeld å utvikle fornybar energi, miljøteknologi, meir miljøvenleg transport, gjere søppel om til ressursar, og utvikle berekraftig turisme. Flakk fortalde at det var først då det kom ein kvinneleg ordførar på rådhuset at han fekk spørsmål om å vere med på å utvikle regionen. Det resulterte mellom anna i at han tok på seg styrevervet for konferansen The North West.

Vi deler målsetninga om at Ålesundregionen skal bli best på berekraft og innovasjon, og eit godt samarbeidsklima er heilt nødvendig for å kome vidare. For no handlar det først og fremst om å gjere ord til handing.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!