Det vart innført krav om at alle verksemder med meir enn fem tilsette må etablere rutinar for varsling av kritikkverdige forhold, som til dømes seksuell trakassering, overgrep, mistanke om korrupsjon, rusmisbruk på jobb og ei lang rekke andre forhold.

Sjølv om pålegget vart innført i sommar, var det først då #metoo vart ein verdsomfattande kampanje mot seksuell trakassering, at behovet for varslingsrutinar for alvor vart sett på dagsorden.

Målet med dei nye reglane er å sikre eit godt arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, og verne om dei som varslar.

Denne hausten har det kome fram historier om grove tilfelle av uønskt seksuell merksemd i bransje eller bransje.

Det er avdekka eit omfattande samfunnsproblem, langt større enn dei fleste har vore klar over. Skodespelarar, musikarar, journalistar, legar, servitørar, skuleelevar, stortingspolitikarar, tillitsvalde i fagrørsla og toppsjefar i næringslivet – kvinner i alle slags posisjonar har fortalt om hendingar som er fullstendig uakseptable.

Også menn er blitt utsette for krenkande åtferd.

Seksuelle overgrep er valdtekt, og skal meldast til politiet.

Seksuell trakassering er uønskt seksuell merksemd som blir opplevd som krenkande og plagsam.

Det er handlingar som vitnar om ukultur og manglande folkeskikk, og som vi alle må ta eit oppgjer med.

Den aller viktigaste jobben framover er å førebyggje, og då må vi først erkjenne at problemet finst. Ingen skal vere i tvil om at all trakassering er fullstendig uakseptabelt.

Dei som blir utsette for trakassering, eller blir vitne til det, skal vite kva som skjer vidare. Mange av historiene har ein fellesnemnar, og det er at gjerningspersonen har vore påverka av alkohol.

Folk gjer lettare dumme ting i fylla, og det bør arbeidsgivarar ta ansvar for i samband med jobbrelaterte sosiale samkome.

Måtehald kan vere med på å redusere risikoen for nye overgrep.