Ingen er tent med at det utviklar seg lovlause tilstandar. Derfor er det håp om at ein dom i Oslo tingrett før helga, kan få fleire til å forstå at det ikkje finst eigne, juridiske grenser for ytringar på nett. Forbod mot ærekrenking gjeld i like stor grad for YouTube som for alle andre mediekanalar. Det er ikkje lov å skulde andre menneske for straffbare forhold, utan at dei får høve til å forsvare seg. Dersom det var fritt fram for alle slags skuldingar, ville vi få eit utrygt samfunn.

Ein 19-åring, som driv sin eigen YouTube-kanal, er dømt for ærekrenking mot Dennis Vareide, kjent frå Youtube-duoen Prebz & Dennis. Han må betale oppreising på 50.000 kroner pluss sakskostnadar på 90.000 kroner, dersom dommen blir ståande. 19-åringen har framsett svært grove påstandar mot Vareide på YouTube, og skulda han for alvorleg kriminalitet, som det på ingen måte er ført sanningsbevis for. Retten konkluderte med at 19-åringen ikkje har hatt andre formål med ytringane sine enn å skade og trakassere, og derfor vart han dømt. Denne dommen kan få konsekvensar for fleire som har delt videoane med dei grove skuldingane.

Ytringsfridom er ein menneskerett som det er livsviktig å verne om. Ytringsfridom er dessutan ein føresetnad for demokrati, for utan frie ytringar er det ikkje mogleg å få til eit reelt folkestyre. Men ytringsfridom har også sine grenser. Det er forbod mot trugsmål, ærekrenking, trakassering, diskriminering og spreiing av grovt pornografisk materiale. Brot på lovene om privatlivets fred og spreiing av diskriminerande og hatefulle ytringar kan føre til bøter eller fengselsstraff.

Det er ille at unge veks opp og trur at det er ok å drive med offentleg sjikane, men enda verre at vaksne ikkje veit betre. Under eit seminar på Ålesund vidaregåande skole om nettdebatt fredag, kom det fram at mange unge opplever at dei verste netthetsarane er vaksne menn. Mange av dei manglar rett og slett folkeskikk, og forstår ikkje at ytringane dei kjem med i sosiale medium er offentlege. Dommen frå Oslo tingrett er derfor ei påminning om at lovverket er det same på nett, som elles i det norske samfunnet.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!