Mange fastlegar er for snare med å sende pasientar vidare til spesialistar, syner ei undersøking som Riksrevisjonen har gjennomført. Meir enn kvar fjerde fastlege sender jamleg sine pasientar vidare, sjølv om dei ikkje trur pasienten har medisinsk nytte av det.

Konklusjonen til riksrevisor Per-Kristian Foss er at dette er sløsing med pengar. Sjølvsagt har han rett. Problemet er berre at riksrevisoren her sparkar inn vidopne dører. Det kan vere godt å få kartlagt omfanget, men fenomenet har lenge vore velkjent, utan at problemet har blitt mindre.

Vel så viktig som å slå fast at dette skjer, er det å finne ut kva det skuldast og kva ein kan gjere for å redusere omfanget. Presset på spesialisthelsetenesta er stor nok som den er, og all overbehandling og unødvendige tilvisingar til spesialist går ut over annan bruk av helsekronene.

Danske legar er i desse dagar i opprør. 3.400 legar har skrive under på eit mistillitsvotum mot Styrelsen for Patientsikkerhed. Dei reagerer på at legar i for stor grad blir gjort til syndebukkar i saker med feilbehandling.

Underskriftslista har støtte både frå den danske legeforeininga og pasientforeininga Danske Patienter. Legane meiner at krava om alt frå dokumentasjon til pasientpleie er så høge at det ikkje er mogleg å etterleve regelverket.

Ingen likar å bli gjort til syndebukk, og den enklaste måten å unngå dette på, er å sende «svarteper» vidare til nestemann i kjeda. Legar som blir sett under krysspress, vil lett ty til å sende pasienten frå seg.

Dette er neppe heile forklaringa, og kanskje ikkje den viktigaste. Det finnast heller ingen enkel måte å løyse floken på. Omsynet til pasienttryggleik og pasientane sin rettstryggleik gjer at vi må akseptere ein viss grad av overbehandling.

Men det er i alle si interesse å styrke primærhelsetenesta slik at dei i større grad kan ta rette avgjerder i slike saker. Det kan handle om kompetanse, kapasitet legane sin rettstryggleik og system som gir støtte der dei må seie nei. For kvar pasient som tar tid hos spesialisten utan grunn, er det pasientar som ikkje får den behandlinga dei treng.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!