Norge scorar jamt over godt internasjonalt på eldre sine levekår, men dessverre er tala for vald og overgrep mot eldre urovekkande høge.

Og så snakkar vi om at mange eldre blir utsette for vald frå nære pårørande, ofte knytt til rus- eller psykiatriske lidingar. Dei seinare åra har talet på slike saker hos politiet auka sterkt, men framleis er mørketala store.

Vald og overgrep i nære relasjonar var lenge tatt mindre alvorleg enn andre valdssaker.

Når det gjeld vald mot eldre, er dette framleis kraftig underrapportert.

Få eldre valdsoffer går til politiet. Ressurssenteret Vern for eldre meiner at eldre ofte ikkje ser på seg sjølv som offer, men er meir opptekne av at valdsutøvaren er den som treng hjelp.

Politidirektør Odd Reidar Humlegård stadfestar til NRK dette inntrykket, trass i at politiet har sett ein sterk vekst i slike saker. Dei siste fem åra har dei registrert ein vekst på 30 prosent i valdssaker mot eldre i sin statistikk.

Ser ein på funn i studiar, er det likevel framleis snakk om svært få saker som hamnar på politiet sitt bord. Ein studie som Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress la fram i fjor, syner at årleg er nær kvar tiande eldre utsett for vald eller overgrep.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Studien fortel at for åtte av ti valdsutsette var utøvaren i nær relasjon med offeret. Ikkje alt som blir rapportert i ei slik undersøking er straffbare tilhøve. Døme på det er at det kan vere ein dement ektefelle som står bak valden. Meir politi-innsats er altså ikkje åleine svaret på problemet.

Det er difor naudsynt å ta fatt i dette med eit breitt sett av tiltak, og involvere eldreomsorg, primærhelsetenesta og rus-omsorg saman med politiet. Ikkje minst er det viktig å arbeide førebyggande.

Vald mot eldre er eit stort samfunnsproblem som ikkje har vore teke nok på alvor. Valdsutsette eldre har sterkt nedsett livskvalitet og svekka helse – både fysisk og psykisk.

Berre gjennom å løfte mørketala fram i lyset og auke innsatsen på brei front, kan vi ha håp om å redusere dette problemet.