Leiar, 3. februar

«Må utdanne seg til eit arbeidsliv i konstant endring»

Digitalisering og automatisering vil i aukande grad sette sitt preg på arbeidslivet framover.

Godt råd: Sats på det du er mest interessert i, er rådet frå «Helsesista» Tale Maria Krohn Engvik, til elevane ved Skodje ungdomsskule. Foto: Maria Finnøy Fagervoll  Foto: Maria Finnøy Fagervoll

Det vil stadig vere behov for påfyll av kunnskap

Leder

Arbeidsoppgåver vil bli endra, jobbar vil forsvinne og nye kan bli skapt. Kva type kompetanse vil det vere behov for? Det er eit viktig spørsmål både for styresmakter, utdanningsinstitusjonar og ikkje minst for ungdom som skal velje utdanning. Eit utval, leia av økonomiprofessor Steinar Holden, fekk i fjor i oppdrag å finne ut av dette. Utvalet skal jobbe med desse spørsmåla i tre år, og denne veka la dei fram sin første rapport.

Helsevesenet og skulesektoren vil framleis kunne tilby trygge arbeidsplassar, viser rapporten. Medan behovet for sysselsette innan bygg og anlegg svingar med konjunkturane, er det eit stabilt stort behov for fagutdanna innan pleie, omsorg og undervisning. Forskarar har undersøkt kor utsett ulike yrkesgruppe er for å bli automatisert bort. Dei yrka som har størst risiko for å forsvinne er telefon- og nettseljarar, rekneskapsførarar, butikkmedarbeidarar og kontormedarbeidarar. Minst risiko er det for at desse yrka skal bli automatiserte; spesialist i pedagogikk, psykolog, spesialsjukepleiar, sivilingeniør og grunnskulelærar. Noko av det mest interessante med rapporten er vektlegginga av opplæring som vil måtte gå føre seg i arbeidslivet framover. I takt med teknologiske endringar, vil det stadig vere behov for påfyll av kunnskap, som både arbeidsgivarar og tilsette må ta ansvar for, slik at verksemda får den rette kompetansen.

I fredagsavisa skreiv vi om Tale Marie Krohn Engvik, betre kjent som Helsesista, som besøkte Skodje ungdomsskule. Ho snakka om dei vanskelege studievala som 10.-klassingane må ta i desse dagar. Hennar råd er å velje det ein har mest lyst til, og det er det aller beste rådet. Det er viktig å velje studie ut ifrå interesse, slik at ein motiverer seg til å fullføre utdanninga. Samtidig må ein vere open for at jobbar og yrke kan endre seg. Helsesista er sjølv eit døme på det. Ho har utvikla sin eigen jobb ved å ta i bruk Snapchat, eit medium som ikkje fanst tidlegare, til å kommunisere med ungdom. Med ei fagutdanning som basis, finst det mange moglegheiter i framtida, også for nye yrke som vi ikkje veit om i dag.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!