Innovasjon Norge bør satse endå tyngre på maritime og marine næringar. I desse næringane er det stort potensial for auka verdiskaping. Det er her Norge har dei beste føresetnadane til å vere ei «stormakt» og skape nye jobbar når sola går mot horisonten for oljenæringane.

Derfor er det eit smart trekk å etablere eit eige nasjonalt ressurssenter for havromssatsinga ved Innovasjon Norge, for å spisse innsatsen. Eit slikt senter bør leggast til Ålesund, ikkje fordi vi fortener det, men fordi Innovasjon Norge og næringslivet fortener det.

Her har vi eit næringsliv som allereie er i fremste rekke i desse næringane. Her har vi eit kompetansemiljø som Innovasjon Norge kan ha stor nytte av å spele saman med. Tilsvarande finn ein ikkje andre stadar mellom Bergen og Trondheim. Her har også Innovasjon Norge eit solid avdelingskontor som det er naturleg å byggje ei slik satsing ut frå.

Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal vedtok tirsdag ein uttale til støtte for ei slik etablering. Det er eit viktig initiativ, og i tråd med fylkeskommunen sin strategi om å arbeide for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Uttalen kjem som eit svar på eit utspel frå næringslivet på Sunnmøre.

Skal fylket oppnå suksess med å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket, er dette eit godt døme på kva ein må satse på. Her handlar det om arbeidsplassar som det er særleg gode grunnar til å legge hit.

Samstundes veit vi at det er langt lettare å få til vekst gjennom knoppskyting på allereie eksisterande verksemd enn å få etablert heilt nye ting. Dette er også på plass i denne saka. Difor ville det vore heilt feil å freiste å få staten til å etablere eit slikt ressurssenter i Kristiansund, slik utvalsleiaren og to andre nordmørspolitikarar gjekk inn for.

Om gode krefter løfter saman, kan vi klare å få dette til. Vi må spele saman, syne fram styrken i regionen vår og få fram kva statlege etatar har å vinne på å satse på etablering her. Ikkje fordi vi fortener det, men fordi nasjonen vil tene på det. Så må sjølvsagt sunnmøringane stille seg skulder ved skulder med nordmøringane i saker der Kristiansund står sterkast.