Flakk Gruppen i Ålesund, som mellom anna eig reiselivsselskapet 62°Nord, står bak planane. Dette er godt nytt for Hellesylt. Det er godt nytt for verdsarvområdet og for heile reiselivsregionen.

Når hotellet står ferdig, skal det i første omgang ha 50 sengeplassar, men kan verte utvida til eit 75-sengers hotell. Og sjølv om dette er stort for Hellesylt, er det altså ikkje storleiken som gjer dette til ei god nyheit, men satsinga i seg sjølv.

Lokalt på Hellesylt er det likevel dette ikkje kvardagskost. Bygda treng sårt ei slik vitamininnsprøyting. Dette kan gi Hellesylt nye arbeidsplassar og eit løft etter år der flodbølgetrugsmålet har vore større enn etableringslysta.

Planane syner vilje til å tenkje nytt. Namnet Base Camp Hotel Hellesylt speglar ein tanke om å gjere dette til eit utgangspunkt for naturbasert ferie, med tilrettelagde opplevingar i fjord og fjell. Nettopp slik satsing på nisjar, med særleg vekt på det naturen kan by på, er naudsynt for vidare, berekraftig vekst i reiselivsnæringa. Særleg i område der trykket frå masseturismen er aukande, er dette avgjerande.

Nysatsingar som rettar seg mot mindre segment av marknaden, kan lokke til seg turistar som er ute etter den særeigne opplevinga som dei er villige til å betale litt ekstra for. I dette tilfellet handlar det om tilrettelagde naturopplevingar i eit spektakulært landskap.

Slike satsingar kan gi vekst i reiselivsnæringa på ein måte som i mindre grad aukar presset på naturen og svekkjer turistopplevinga på same måte som vekst i masseturismen vil gjere. Vonleg vil ei større differensiering av næringa også bidra til å skape fleire, varige arbeidsplassar også på stadar i distriktet som slit i motbakke i arbeidsmarknaden.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no