Norge er gode på forsvar mot IT-angrep. For eit land som er langt framme på digitalisering, er det noko vi er nøydde til å vere. Likevel er vi framleis svært sårbare, og må ta trugsmålet med langt større alvor enn vi har gjort til no.

Eit hackerangrep frå kriminelle, eit ustyrleg virus eller direkte og målretta spionasje kan få alvorlege konsekvensar for ei verksemd. WannCry-angrepet i fjor gjorde skade for enorme summar. Det danske reiarlaget A.P Møller-Mærsk tapte åleine opp mot to milliardar på dette angrepet.

Alt tyder på at problemet er veksande. Eit ferskt døme i Norge er innbrotet i datasystema til Helse Sør-Øst. Cybertrugsmåla blir stadig meir omfattande, komplekse og uføreseielege, og stadig fleire kan vere mål for angrep og spionasje.

Tidlegare denne veka var representantar frå ei rekkje ulike selskap samla ved Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund for å lære om datatryggleik. Rolls-Royce-direktør Einar Johansen kunne der fortelje om nesten daglege angrep, alt frå det enklaste til meir avanserte forsøk på spionasje.

Han tok til orde for eit forum der den maritime bransjen kan dele erfaringar og drøfte cybertryggleik. Samarbeid kan vere ein viktig suksessfaktor, nettopp fordi verksemder samarbeider så tett at det kan vere viktig med felles køyrereglar.

Verksemder som sløvar med cybertryggleiken, kan utgjere eit trugsmål mot andre. Cyberkriminelle vil leite åpne dører i jakta på informasjon eller for å gjere skade. Ein mindre underleverandør kan vere det svake leddet.

Det er heldigvis langt mellom saker som har fått alvorlege konsekvensar for verksemder i vårt land. På ein indeks utarbeidd av Den internasjonale telekommunikasjonsunionen (ITU) i fjor, kom Norge på ein god tredjeplass i cybertryggleik. Det syner at vi er på rett veg.

Men vegen fram er lang, og den er utan ende. Nasjonal sikkerheitsmyndighet (NSM) fortel om eit konstant trykk av digital spionasje mot norske verksemder. Det krev at vi like konstant styrkar mottiltaka, elles er det berre eit tidsspørsmål før demninga slår sprekk. Både den enkelte bedrift og styresmaktene må ta ansvar for dette.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!