Dersom legalisering av eggdonasjon berre hadde handla om å seie ja eller nei til likebehandling av kvinner og menn, då ville dette ha vore ei enkel sak. Men slik er det ikkje. Medan sæddonasjon kan gå føre seg på naturleg vis, krev eggdonasjon både medisinsk behandling og kirurgiske inngrep, som ikkje er utan risiko. Det finst i dag ingen langtidsstudium som viser effekten av hormonbehandling som kvinnene må gjennom for å donere egg. Enkelte studie viser ein mogleg samanheng mellom kreft og hormonbehandling, men det er behov for meir forsking for at den enkelte donorkvinne skal kunne ta eit informert val.

Eggdonasjon fjernar den grunnleggande tryggleiken, som har vore til alle tider; at barnets genetiske og biologiske mor er same person. Det er slett ikkje uproblematisk, og bør ikkje bagatelliserast. Det er heller ikkje uproblematisk at eggdonasjon gjer det lettare å opne for surrogati. Kvinnefronten er ein av organisasjonane som framhevar den store risikoen for at eggdonasjon kan vere første steg på vegen til kommersiell utnytting av kvinner og reproduktive organ, og seier derfor tydeleg nei til eggdonasjon og surrogati.

Høgre har nyleg lagt fram resolusjon om bioteknologi, der fleirtalet seier nei til å opne for eggdonasjon. Det er ei klok avgjerd. I programmet heiter det at eggdonasjon kan utfordre den retten eit barn har til å kjenne sitt opphav, noko som kan skape utryggleik og identitetsproblem hos barnet. Fleirtalet meiner at barnets rett til å kjenne sitt opphav ikkje kan settast til side av omsyn til vaksne sitt ønske om å få barn på denne måten. Det er eit vektig argument. Sæddonasjon byr ikkje på same dilemma, fordi det er ingen tvil om at sæddonor både er biologisk og genetisk far. Spørsmålet om eggdonasjon kjem opp på Høgre sitt landsmøte i april, og det er venta stor debatt.

Fylkeslaget i Møre og Romsdal har gjort det lett for seg sjølv ved å framstille saka om eggdonasjon som eit spørsmål om å likestille kvinner og menn. For kven vil vel risikere å bli stempla som likestillingsfientleg? Ved å forenkle og bagatellisere, tilslører fylkeslaget at eggdonasjon handlar om vanskelege etiske dilemma. Det skaper ikkje tillit.