Høgre krav til kompetanse og den nye lærarnorma vil etter kvart styrke grunnskulen. På kort sikt kan det høge reformtempoet likevel skape store utfordringar. Vi bør snarast ha svar på korleis vi skal løyse desse.

Ikkje minst vil mangelen på kvalifiserte lærarar vere eit problem dei næraste åra. Allereie i er det fleire tusen ukvalifiserte lærarar i skulen. Dette talet vil auke kraftig når effekten av lærarnorma slår inn frå neste skuleår.

Lærarnorma har som mål at det skal vere maksimalt 16 elevar per lærar på dei lågaste klassestega frå neste skuleår. For dei eldste elevane er talet 21 elevar per lærar. Til neste år blir dette stramma vidare inn. Berre dette vil gi behov for over 2.000 nye lærarar i skulen.

Så lenge vi ikkje har ei lang kø av ledige lærarar, er det uråd å innføre ei slik reform utan bruk av ukvalifiserte krefter. Det ville ha vore konsekvensen uansett. Det tar tid å fylle etter med utdanna lærarar, og ein kunne ikkje vente med å innføre lærarnorma til ein hadde 2-3.000 lærarar på gras.

Summen av dette er urovekkjande, ikkje minst for dei skular og kommunar som allereie i dag slit med rekrutteringa. Det er ein fare for at elevar ved mindre skular langt frå sentrale strøk er dei som vil få den hardaste skvisen.

Målet om å styrke læraren er viktig for å løfte og modernisere skulen. Tempoet i reformene er derimot i ferd med å skape ein strekk i laget. Dessverre manglar vi truverdige tiltak og ein klar strategi for korleis ein skal løyse rekrutteringskrisa. Den bør snarast kome på bordet, gjerne i form av ei stortingsmelding, slik Senterpartiet krev.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!