Leder

«Skarpare frontar gir tydelegare alternativ»

Brei pensel: Nestleiar Bent Høie (t.h.) i Høyre målar motsetningane i norsk politikk med brei pensel når han hevdar at partisekretæren i Ap set partiet framfor nasjonen. Statsminister Erna Solberg (t.v.) og nestlederne Jan Tore Sanner og Bent Høie ble alle gjenvalgt av Høyres landsmøte lørdag.   Foto: NTB scanpix

Tida for breie forlik er ikkje forbi, men all politikk lever i spenning mellom konflikt og samarbeid

Leder

Breie politiske forlik kan bidra til stabilitet og styringskraft. I land prega av mindretalsparlamentarisme er slike forlik ofte naudsynte, særleg i saker som er sårbare for stadige kursskifte ved skiftande politiske fleirtal.

Evna til søkje semje på tvers av blokkene er ein styrke i spørsmål som til dømes skatt og pensjon eller utanriks-, asyl- og forsvarspolitikk. Dette er politikkområde som ofte har vore prega av at Stortinget har klart å kome fram til semje på tvers av blokkdanningane.

Breie forlik må likevel ikkje bli eit mål i seg sjølv. Slik evna til samarbeid er ein styrke, så er den rike partifloraen vi har i Norge ein sterk demokratisk verdi. Omsynet til husfreden i Stortinget må finne seg i å vike for reelle motsetnader.

Partisekretær i Ap, Kjersti Stenseng, sa i fylkesårsmøtet i Trøndelag Arbeidarparti at partiet vil vere klarare på at det høyrer heime på venstresida i norsk politikk. Ho meiner partiet har vore for lite tydeleg på dette, så utydelege at veljarar og medlemmar er usikre på det.

Stenseng meiner viljen til å inngå breie politiske kompromiss ein del av skulda for dette. Etter valnederlaget og stupdykk på meiningsmålingane, kan derfor resultatet bli at Arbeidarpartiet oftare vil stå steilt på sine primærstandpunkt for å tette lekkasjar og auke oppslutninga.

Nestleiar Bent Høie i Høyre meiner at Stenseng bidrar til polarisering og set partiet sine interesser framfor nasjonen. Det er sterke ord, truleg sterkare enn det er grunnlag for.

Forlik viskar ut skilnadane mellom parti. Høgre bør difor ikkje vere overraska over at Ap no vil spisse profilen. Ingen må heller tru at viljen til forlik gror i eit vakuum, heilt uavhengig av politisk makt og evne til gjennomslag. Det er lett å ha rygg til å bere forlik på ein opptur. Verre i ein motbakke.

Slik var det også då Høgre sleit i skuggen av «eit maktarrogant» Ap. Tida for breie forlik er ikkje forbi, men all politikk lever i spenning mellom konflikt og samarbeid. At pendelen her svingar i takt med partane sin styrke, er uttrykk for eit sunt demokrati. Det er i nasjonen si interesse, og gir makt tilbake til veljarar i valet mellom klare alternativ.

Her finner du flere av Sunnmørspostens ledere!