Mange kan endre meining med tida. Det mest smertefulle er gjerne å vedgå at det har skjedd. Særleg når ein har vore svært bastant, skal det mot til å stå for ei tverrvending.

Fylkesleiar Frank Sve i Frp sabla i 2016 ned dei som bad om utgreiing av Romsdalsaksen. «Greinaløyse sett i system» var det då, og han hevda dei øydela for Møre og Romsdal.

Mindre enn halvanna år er gått. No støttar han krav om utgreiing av Romsdalsaksen, eit krav som kan få fleirtal i fylkestinget. Han han skal ha ros for å ikkje pakke inn kuvendinga. Det er ikkje alle politkarryggar som står rakt i slikt.

Elles er det lite nye fakta som forklarer korleis ein kan gå frå å hevde at ny utgreiing er som å «løpe etter toget når toget har forlatt stasjonen» til å kjøpe billett. Enten må Sve ha mista trua på Nasjonal transportplan (NTP) eller så er han redd veljarar «i opprør». For alle andre blir spørsmålet om vi skal lytte til Sve desember 2016 eller Sve april 2018. Kan vi få nye utgreiingar og framleis halde plassen i E39-kappløpet? Eller vil vi bli forbikøyrd i samferdslesatsing og utvikling?

Ein kan greie ut kva som helst inn i solnedgangen utan å få gjort anna. Møreaksen er nær ferdig greidd ut. Regjeringa har valt den som trasé. Den er på plass i NTP, som igjen skal rullerast i 2022. Året før legg fagetatane grunnlaget.

Før vi kan samanlikne må altså både avgjerd om ny utgreiing takast og utgreiinga gjerast for at vi ikkje skal bli ståande att når toget går. Og det er ikkje fylkestinget som sel billettar. Her er departementet stasjonsmeister. Dessutan har Stortinget vedteke rutetabellen (NTP), og det kan ikkje departementet berre hoppe bukk over. Alt dette tar tid.

I tillegg har vi ein politisk risiko. Det skal vere val, og nye krefter skal leggje nye budsjett i nye tider. Kryssing av Romsdalsfjorden kan derfor stå att på perrongen ved neste NTP-rullering, uansett traséval. Det er eit høgt spel som kan setje regionen si utvikling i fare. Så langt er dette 1–0 til Sve 2016.