I går kasta dronning Sonja kongeleg glans over den viktigaste møteplassen for aktørane i fiskeri-Norge, fiskerimessa NorFishing. Messa er eitt av dei viktigaste utstillingsvindauga for vår nest største eksportnæring.

Her syner forskarar og utstyrsindustri fram dei siste nyvinningane for sjømatnæringa. Her møter dei forvaltning og finans. Messa synleggjer ei næring med eit stort mangfald og ei verdiskaping som både har avgjerande betydning for busetnad, arbeidsplassar og velferd.

Fiskeridelen av næringa har tatt store sprang når det gjeld teknologi og struktur dei seinaste tiåra, med fotfeste i ei forsvarleg forvaltning av ressursane. Og havbruksnæringa har lagt bak seg eit eventyr av ei utvikling som eksportnæring og matprodusent som ingen kunne spådd ved oppstarten for rundt 40 år sidan.

Trass i dette er likevel ein av næringa sine hovudutfordringar at den innovative krafta er for svak. Skal vi som sjømatnasjon for alvor tre ut av rolla som råvareleverandør, må nyskapinga i bransjen ta fleire sjumilssteg.

I dag eksporterer vi arbeidsplassar og viktig verdiskaping til både lågkostland og konsumentland. Både tollhindringar på bearbeidd vare og vårt eige høge lønns- og kostnadsnivå er viktige årsaker til denne eksporten. Skal vi klare å snu dette, må vi styrke forsking og innovasjon.

Dette vert no også understreka i to forskingsrapportar som Regjeringa tok imot i går. Rapportane omhandlar lønsemd og konkurransekraft i sjømatindustrien, og er ein del av Sjømatindustriutvalet sitt arbeid.

Forskarane konkluderer med at innovasjon framleis er ei mangelvare i sjømatnæringa. Trass i Norge sin sterke posisjon i desse næringane, har vi ikkje klart å utnytte potensialet slik vi ser i oljesektoren.

Vi bør ta mål av oss å vere verdsleiande i alle ledd i sjømatnæringa, ikkje berre i fangstleddet og som leverandør av råstoff. Vi bør kunne ta ein større del av verdiskapinga heim, og utvikle ein industri som tydelegare tar spranget ut og opererer internasjonalt.

Oljeindustrien vår har i langt større grad klart å ta dette spranget, basert på kompetansen aktørane har bygd opp gjennom snart eit halvt hundreår med oljeutvinning til havs. Sjømatnæringa har sjølvsagt heilt andre rammevilkår og møter andre hindringar enn oljeselskapa. Likevel bør vi ha ambisjonar i same retning.

Ein viktig nøkkel til dette er heftigare satsing på verdiaukande innovasjon knytt til produkt- og marknadsinnovasjon, slik også SINTEF peikar på i sin rapport. Så langt har sjømatnæringa vore flinkast til, og mest opptekne av, kostnadsreduserande innovasjonar.

Næringa har sjølvsagt eit ansvar for å sikre si eiga verdiskaping og lønsemd på lang sikt gjennom satsing på slik innovasjon. Utfordringa er at den fiskeribaserte industrien er prega av mange mindre aktørar og låg lønnsemd over tid. Det svekkjer handlingsrommet.

Difor er det viktig at styresmaktene stiller opp som drivkraft i forsking og innovasjon, og slik sørgjer for at vi får meir verdiskaping att av våre felles ressursar.