I fjor var opplegget for NATOs komande toppmøte i Wales torsdag og fredag i veka som kjem, at NATO-innsatsen i Afghanistan skulle vere eit hovudtema. Så kom krisa i Ukraina og snudde opp ned på saklista. Ukraina-konflikten styrkjer kraftig dei kreftene i NATO som ønskjer at alliansen skal konsentrere seg om Europa. Det er nok også ei line som den påtroppande generalsekretæren, Jens Stoltenberg, vil seie seg nøgd med. Han blir presentert på møtet i Wales, men skal ikkje ta over ansvaret før 1. oktober.

Ukraina-krisa er utan tvil den mest alvorlege konflikten i Europa sidan krigane på Balkan på 1990-talet, og både EU og NATO slit med å få eit skikkeleg grep på situasjonen i Ukraina. Det som er sikkert er at hovudtema på toppmøtet kjem til å bli NATOs forhold til Ukraina, den nye trusselen frå Russland og behovet for opprusting og auka forsvarsløyvingar i NATO sine medlemsland.

USA står i dag for over 70 prosent av NATOs kostnader, og har varsla at no må dei europeiske NATO-landa ta meir ansvar sjølve. Den økonomiske krisa i mange europeiske land har gått hardt ut over forsvarsbudsjetta, samtidig som Russland har rusta kraftig opp. No må også NATO styrke det europeiske forsvaret sitt, og det kan ikkje vere tvil om at kjerneverksemda til organisasjonen i åra framover vil vere å konsentrere seg om forsvaret av dei europeiske NATO-landa..

Også spørsmålet om å styrke NATO i Aust-Europa kjem til å bli eit viktig tema. Særleg Polen ivrar for eit vedtak om at NATO bør vurdere å plassere ut permanente styrkar i dei baltiske landa. Dei har sjølve uttrykt ønskje om NATO-basar, men det vil ikkje bli godt motteke i Kreml.

Når det gjeld eit eventuelt NATO-medlemskap for Ukraina så vil svaret frå NATO-toppmøtet vere eit tvert nei. Det vil bli for utfordrande for Russland, i alle fall dei næraste åra, men skulle Ukraina få ein meir stabil situasjon og innføring av eit levande demokrati, kan kanskje situasjonen endre seg. I første omgang vil nok Russland lettare kunne akseptere ei ukrainsk tilnærming til EU, men heller ikkje medlemskap der er aktuelt slik situasjonen ser ut no. NATO-toppmøtet komande veke blir eitt av dei viktigaste på svært lenge.