På NATO-toppmøtet i Wales var det brei semje om at dei sunnimuslimske ekstremistane i Den islamske staten (IS) må stansast. Etter ein lynrask offensiv i sommar kontrollerer IS eit område som minst er på storleik med Belgia og som ligg i delar av Syria og Irak, og har rundt åtte millionar menneske som er prisgitt terroren frå desse muslimske ekstremistane.

Det er i første omgang uaktuelt for NATO som organisasjon å engasjere seg. IS har ikkje gått til angrep på noko NATO-land, slik vilkåret for NATO-engasjement er etter NATO-traktaten. Engasjementet i Afghanistan kom som følgje av Al Qaida sitt angrep på mål i USA 11, september i 2001. Ein kamp mot IS må difor førast av ei gruppe NATO-land, pluss Australia, og dei 10 landa som har sagt ja til å lever våpen til bruk i kampen mot IS, utgjer denne koalisjonen. Det er Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Danmark, Tyrkia, Polen, Canada og også Australia. Det er ikkje snakk om at desse landa skal bruke bakkestyrkar og kjempe ein regulær krig.

Ein må unngå at dette står fram som ein religionskrig mellom islam og vestlege land. Det vil kunne føre til at langt fleire muslimar engasjerer seg på IS si side. Kampen på bakken bør derfor førast av styrkar frå dette området, kurdarar, irakarar og kanskje også iranarar, og med støtte frå både sjiamuslimske og moderate sunnimuslimske statar. Frå den vestlege koalisjonens side kan det vere snakk om leveranse av våpen og utstyr, men også flystøtte og bombing frå lufta, slik USA alt er i gang med.

Det er ikkje vanskeleg å finne folkerettsleg heimel for ein slik aksjon. Viktigaste heimelen ligg i at Irak har bede om militær hjelp mot ein inntrengjar, men også brot på konvensjonen mot folkemord kan sikkert brukast som heimel.

Fleire norske ekspertar har gitt uttrykk for at også Norge burde ha vore med. Til det er å seie at Norge ikkje er blitt spurt på grunn av dei strenge reglane Norge har mot å levere våpen til land som er i krig eller i konflikt. Norge bør halde fast på desse reglane, og dersom det skal bli aktuelt ned noko norsk engasjement mot IS, så må det handle om humanitær hjelp, transport og andre ikkje-militære aktivitetar.

Det er heilt avgjerande at krafta til å stanse framrykkinga frå IS og ikkje minst også å stanse rekrutteringa til denne ekstreme organisasjonen må kome frå muslimske land, og ha støtte frå moderate sunnimuslimske land som høyrer til same retninga av islam som det IS står for. Ved å nedkjempe IS vil ein vel samtidig hjelpe Assad-regimet i Syria, men det får ikkje hjelpe. USA og Iran har ikkje vore på talefot på mange år, og Iran blir eit nøkkelland og kampen mot IS.

Det blir difor ei utfordring for amerikansk diplomati å skape eit betre samarbeidsklima. Eit meir konstruktivt og moderat Iran kan utgjere eit viktig stabiliserande element i denne regionen. Målet må vere å knekkje IS militært. Ekstremismen derimot er vanskelegare å knekkje. – Kampen mot IS må på bakken førast av islamske land. Norge bør ikkje bidra med våpen