Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) endrar ikkje traseen for kraftlina frå Sogn til Sunnmøre. Det er viktig for framtidig energiforsyning i vårt område, men gir også grunnlag for nye spørsmål.

Først og fremst er det spesielt at departementet med ein Frp-statsråd i spissen no slår fast avgjerda bygde på korrekt faktisk grunnlag. Då tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) tok si avgjerd, var tonen frå partiet ein heilt anna.

Moe vart då skulda for kameraderi. Han greip personleg inn i klagesaka. Resultatet vart at traseen gjennom Bremanger vart flytta til glede for fleire partifellar. Høgre og Frp reagerte kraftig på dette, både når det gjaldt framgangsmåten og kva omsyn som var tekne. I mellomtida har det vore eit val og eit regjeringsskifte.

Gulating lagmannsrett kom tidlegare i år til at bygginga av kraftlina var basert på eit feil faktisk grunnlag. Arbeidet som Statnett var godt i gang med gjennom Myklebustdalen, måtte stoppast.

No, tre månader etter dette, gir altså Tord Lien klarsignal for at Statnett kan starte opp att arbeidet. Dette har skjedd i ekspressfart, men etter at grunneigarar og andre har fått nytt høve til å uttale seg.

Punkt for punkt tilbakeviser departementet lagmannsretten si avgjerd, og står fast på både anleggs-konsesjonen og ekspropriasjonsløyvet. Sigeren som grunneigarane feira i juni er snudd til nytt tap.

Statnett har tapt store delar av sommarsesongen, og det får konsekvensar. Det er klart at denne «strafferunden» har forseinka og fordyra prosjektet. Næringsliv og privatkundar i Møre og Romsdal og Midt-Norge må betale prisen for dette i form av høgre kraftpris i periodar.

Etter planen skulle denne delen av landet vore sikra trygg og stabil straumforsyning med denne lina allereie i 2012. Strid om traséval og tekniske løysingar har ført til forseinking på minst fire år før lagmannsretten sette foten ned i sommar.

I dag vågar ikkje Statnett å setje ein ny dato. Den datoen bør kome snart, og det bør setjast fullt trykk på arbeidet. Straumkundane i vårt område har venta lenge nok, og har krav på at selskapet gjer alt dei kan for å hente inn att det som no er tapt i tid.