Snart skal politikarane ta stilling til søknad frå Oslo om statsgaranti for å arrangere vinter-OL i 2022. For at Oslo skal vere aktuell som vertsby, krev den Internasjonale Olympiske komite (IOC) uavgrensa garanti frå den norske stat for alle kostnader knytt til planlegging og gjennomføring av arrangementet.

Det er rekna ut at OL vil koste om lag 35 milliardar kroner dersom det blir arrangert i Oslo, og av dette må norske skattebetalarar ut med rundt 20 milliardar kroner. Samtidig viser ein studie, utført ved Oxford University, at dei fleste OL-arrangement blir langt dyrare enn det vertslanda i utgangspunket budsjetterer med.

Det er mange gode grunnar til at politikarane bør seie nei til OL i Oslo. Først og fremst er det solide økonomiske argument. Ved å bruke svimlande summar på ein idrettsfest i Oslo om åtte år, vil det naturleg nok bli mindre til idrettsanlegg og samferdselsprosjekt elles i landet, men også mindre pengar til helse, rusomsorg, politi og beredskap for alle innbyggarar i Norge dei næraste åra.

Dessutan viser meiningsmålingar at OL har liten støtte i folket: Det er fleirtal mot Oslo-OL i alle politiske parti, aldersgrupper og landsdelar. Det er tidlegare blitt hevda at OL vil vere ekstra viktig for ungdom, men no seier alle ungdomsparti, bortsett frå Unge Høgre, nei til Oslo-OL.

Frå ja-sida blir det framheva at vintersport-nasjonen Norge bør ta ansvar, og vise resten av verda at OL kan arrangerast på ein enklare måte. Det er ein god tanke, men med IOCs kravliste vil OL uansett ikkje bli rimeleg. Vintersport-nasjonen Norge bør ta ansvar, men det må vere for idretten – og ikkje for IOC.

Pengemaskina IOC forvaltar verdas sterkaste merkevare; dei olympiske ringane, og treng ikkje støtte. Då vintersport-nasjonar som Sveits og Tyskland i fjor sa nei til å søke om OL i 2022 vart det tolka som eit signal til IOC om at organisasjonen er på feil kurs. Det same signalet bør Norge gi. IOC står fram som udemokratisk og autoritær, og kulturen må endrast kraftig dersom dei olympiske leikane skal ha ei berekraftig framtid. Og inntil det skjer, må Norge seie nei til å arrangere OL.