Regjeringa vil styrke læraren gjennom å styrke lærarutdanninga. Det er eit rett og viktig grep på vegen mot kunnskapsskulen. Om ein steller seg slik at ein utdannar færre lærarar enn i dag, er det derimot eit steg feil veg.

Prognosar som Statistisk sentralbyrå har utarbeidd tidlegare i år, syner at den norske skulen vil slite med mangel på kvalifiserte lærarar i åra som kjem. Trass i tiltaka som allereie er gjennomførde og trass i vekst i søkjartala, utdannar vi framleis for få lærarar.Eit skjerpa opptakskrav for å kome inn på lærarutdanninga vil saman med krav om 5-årig masterutdanning på kort sikt kunne kome til å forsterke dette problemet. Saman med eit massivt etterutdanningsløft vil det kunne føre til at det blir færre lærarar i «aktiv teneste».

Alle elevar fortener å bli møtt i skuleporten av ein godt kvalifisert lærar. All forsking syner kor viktig dette er. Sjølv om vi allereie i dag har ein godt kvalifisert lærarstand, er det difor rett å starte med å utvikle læraryrket vidare om ein vil løfte kvaliteten på skulen.

Regjeringa foreslår tiltak på fleire plan. Den vil at alle elevar skal møte ein lærar med fordjuping i kjernefaga matte, engelsk og norsk. Mellom anna for å nå dette målet i høve til lærarane som er i skulen i dag, er det lagt opp til ein opptrappingsplan i etterutdanninga.For nye lærarar er hovudtiltaka at det vert innført ei femårig masterudanning for lærarar. Samstundes vert opptakskrava auka frå 3 til 4 i matte. Eit tilsvarande auka karakterkrav i engelsk og norsk er så langt lagt på is.

Skal ein bli betre i høgdehopp, er det lurt å leggje lista eit hakk opp. Då har ein noko å strekkje seg mot. Om ein ikkje legg inn ekstra innsats på å styrkje teknikk og kraft, er det ikkje mykje nytte i eit slikt tiltak.

Legg ein lista for høgt berre som eit symboltiltak, kan det tvert imot ende med riv. Slik vil det også vere med lærarstudiet. Studiet blir ikkje meir attraktivt berre fordi ein gjer det vanskelegare å kome inn. Ein må heller gjere læraryrket så attraktivt at det blir rift om å kome inn. Då ville kvaliteten på søkjarane automatisk ha kome etter. Dessutan er det langt viktigare at det er god kvalitet på dei som kjem ut av studiet enn dei som kjem inn. Her er det innhaldet i studiet som tel mest. Inntakskravet betyr langt mindre.