Det nærmar seg no vedtak om tomteplassering av det nye fellessjukehuset som skal byggjast for Nordmøre og Romsdal. Det nye sjukehuset skal erstatte dagens Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus. Bestillinga frå helseministeren er at det nye sjukehuset skal bli betre enn dagens to sjukehus til saman. Noko anna ville ha vore merkeleg.

Uansett plassering kjem det til å stå strid om vedtaket, og det vil vere meiningslaust om ein for å unngå strid vel ei plassering som ikkje er den beste og mest framtidsretta. Det er styret i det regionale helseføretaket som skal ta den endelege avgjerda, og det vil vekkje oppsikt dersom den avgjerda er ei anna enn det som styret i Helse Møre og Romsdal har kome fram til. Endå meir oppsiktsvekkjande vil det vere dersom Helseministeren underkjenner avgjerda om plassering.

I ein slik innspurt er det ikkje gunstig at det er uro i det regionale helseføretaket. Styreleiar Marthe Styve Holte frå Volda valde å gå på dagen, og grunngav det med usemje med eigaren, altså Helsedepartementet, om kva handlingsrom styret i eit regionalt helseføretak skal ha. Romsdals Budstikke offentleggjorde eit brev frå Akademikernes samarbeidsutval til Helsedepartementet, der Styve Holte blir kritisert for ikkje å ha gripe tak i det manglande leiarskap som dei tillitsvalde meiner administrerande direktør Trond Michael Andersen har utvist.

Han har vore øvste leiar i over eitt år, og dei tillitsvalde i Akademikernes samarbeidsutval skriv i brevet til departementet at dei har «gått fra usikkerhet til økende bekymring og omsider en visshet om at direktøren ikke bør fortsette i sin stilling». Dei tillitsvalde har teke spørsmålet opp med Styve Holte utan at noko har skjedd. Det normale er at det er styret i eit føretak som både tilset og seier opp ein administrerande direktør.

Det er vanskeleg å tolke Styve Holte på annan måte enn at ho og styret ikkje har fått lov frå høgare hald til å gripe inn og skifte ut direktøren. I så fall er styret redusert til eit sandpåstrøingsorgan. No har direktøren sjølv løyst saka ved å trekkje seg på grunn av manglande tillit, men siste ord bør ikkje vere sagt med det. Noko har skjedd som gjorde at styreleiaren trekte seg, og det bør klargjerast kva rolle helseminister og departement har hatt i denne saka.