Høgre/Frp-regjeringa kunne i går feire med blautkake at ho hadde hatt makta i eitt år. Det første året for regjeringar blir gjerne brukt som eit innkøyringsår, og det kan vere nødvendig for ei regjering der det berre er eit par av medlemene som har hatt statsrådserfaring. Det eine regjeringspartiet, Framstegspartiet, har jamvel vore i opposisjon i 40 år. Med ein slik bakgrunn, og med ein mindretalsposisjon i Stortinget, har regjeringa makta å legge om kursen meir enn ein kunne vente. Høgre og Frp lova nye idear i regjeringsplattforma si, og nokre slike er blitt lanserte, men folk flest har neppe merka så mykje til dei enno.

Før valet varsla Erna Solberg at det ikkje ville bli dei heilt store endringane, Ho ville snakke meir om kurskorrigering enn total omlegging, og hittil er det også dei små skritt som har prega korrigeringa. Tolmod er ein viktig eigenskap for ei mindretalsregjering. Mest imponerande er det at Framstegspartiet har greidd seg så godt. På førehand vart det spådd forlis med Frp i regjering, men både statsrådane og partiet har greidd seg godt, og partileiar Siv Jensen har vist seg som ein partileiar med kontroll og også som ein framifrå finansminister. Denne situasjonen viser også igjen i form av at dei to regjeringspartia held stillinga nokolunde på meiningsmålingane, sjølv etter å ha framlagt det første budsjettet sitt.

Det kjem nok fleire motbakkar etter kvart som reformene blir lanserte. Landbruksminister Sylvi Listhaug har sendt ut på høyring eit forslag om å fjerne buplikta og sikre fri omsetjing av landbrukseigedomar. Det har fått eit fleirtal på Stortinget til å reise bust, men politikk er framleis det muliges kunst, og etter forhandlingar med KrF og Venstre kan det likevel bli så pass mykje igjen av framlegget at det vil endre norsk landbrukspolitikk. Det å la endringar skje i små, men mange skritt, er sikkert lurt for ikkje å utfordre det folkelege votum som regjeringa framleis har.

Dei aller fleste innser at noko må skje med kommunestrukturen, og kommunalminister Jan Tore Sanner har hittil fått i gang ein prosess som har gått overraskande smertefritt. Meir strid er nok i kjømda når det blir alvor. Det første sjølvstendige statsbudsjettet er blitt møtt med mange kritiske røyster frå både den raudgrøne opposisjonen og frå KrF og Venstre, men budsjettet er langt på veg i tråd med regjeringsplattforma. Det gjeld også skattepolitikken der det er kutta 16 milliardar i år og neste år, men det står att å sjå om kuttet i formuesskatten for neste år vil få fleirtal.

Statsminister Erna Solberg får dei beste skussmål frå både regjeringskollegaer og frå KrF og Venstre. Ho er trygg og verkar samlande, og har vist seg raus overfor regjeringspartnar Frp. Ho tenkjer langsiktig og prøver å lime saman ein koalisjon som kan vare. Tre år fram til neste stortingsval er ei lang tid. Neste år er det kommuneval, og dårlege resultat der for eitt eller fleire av samarbeids- eller regjeringspartia kan kome til å svi. Regjeringa kan markere eittårsdagen med godt humør. Det har gått betre enn Ap spådde