TV-aksjonen har i 40 år opna lommebøkene hos det norske folk. Aksjonen er eineståande målt i gjevarglede, men like viktig er måten denne aksjonen samlar oss i internasjonal solidaritet – om så det berre er for nokre timar ein søndag ettermiddag i oktober.

Milliardar av kroner er samla inn. Den første aksjonen i 1974 gjekk til Flyktningrådet, og gav over 125 millionar målt i dagens kroneverdi. Sidan den gongen har aksjonen vore årleg, og totalt skal den ha gitt over sju milliardar i bøssene målt i dagens pengeverdi.I år gjekk pengane til Kirkens Nødhjelp. Målet er at aksjonen skal gi varig tilgang til reint vatn for ein million menneske. I dag manglar over 750 millionar noko så grunnleggjande og livsviktig som dette. Det utgjer eit stort helseproblem og eit stort hinder for utvikling.

Målet til fleire av dei årlege TV-aksjonane skil seg lite frå måla til norsk bistandspolitikk. Hjelp til folk i naud i og hjelp til utvikling er eit fellestrekk.

Likevel kan det synast langt frå den rause gjevargleda som utspelar seg framfor TV-skjermen til debatten om den norske bistandspolitikken. Vi vil gjerne vere verdsmeistrar i gjevarglede, men er ikkje like glade i at Norge er i verdstoppen i internasjonal bistand.Sidan det første norske bistandsprosjektet til India i 1952 har det gått over 400 milliardar i utviklingshjelp frå Norge. Norge er no den 11. største bistandsgjevaren i verda. I den norske offentlege debatten møter dette ofte kritikk og negative overskrifter.

Sjølvsagt skal ein vere kritisk til måten vi utøver bistand på. Det er mange døme på at bistandspolitikken har kome på feil spor, og at bistanden korkje er til gode for dei som får den eller god utnytting av pengane.

Likevel kan vi ikkje bruke dette til å snu ryggen til dei som treng vår hjelp. TV-aksjonen gir oss eit møte med mange av desse på ein måte som ingen bistandspolitisk debatt kan gjere. Styrken ved TV-bileta er at dei bringer desse menneska nær oss.Også TV-aksjonen er kritisert, både for å sementere eit forelda nord-sør-bilete og for å vere ein måte vi kjøper oss godt samvit på. Men så lenge den opnar auga våre for at vi lever i verd der mange treng vår hjelp, har den ein verdi som langt overgår det innsamla beløpet.