Over 5.000 flyktningar med opphaldsløyve i Norge sit i mottak og ventar på at ein kommune skal ta imot dei. Ventetida er for mange meir enn eitt år. Denne ventetida må ned av både humanitære og økonomiske grunnar.

Ein ting er at det er dårleg økonomi i å utsetje integreringa av dei som skal busetje seg i landet. Folk som kan og vil forsørgje seg sjølv, må få høve til det så raskt som råd, i staden for å bli passive mottakarar av stønad.

Ventetida gjer også noko med dei dette gjeld. Blir ein langvarig, passiv mottakar av hjelp, blir det vanskelegare å kome ut av denne hengemyra. Dette gjeld både flyktningar og andre som over lang tid blir mottakarar av hjelpetiltak. I tillegg er ventetida og uvissa i seg sjølv ei belastning som kan forsterke problem for den enkelte.

Verst blir dette når flyktningane i tillegg har familie i heimlandet som lever i livsfare. I Sunnmørsposten måndag kunne vi fortelje om syriske flyktningar som har born og ektefeller igjen i det borgarkrigsherja landet.

«Eg er her, men hjartet mitt er i Syria», seier ein av dei. Han har fått opphald i Norge, men kan ikkje søkje om å få familien hit før han har fått bustad i ein kommune. I Syria har han kone og tre barn.

Skrekkhistorier om jenter som blir bortført av Den islamske stat (IS) gjer at han går i konstant frykt for kva som kan skje med døtrene på 12 og 14 år. Normalt ville han kunne fått familien hit etter søknad. Bustadmangel er årsaka til at dei framleis må leve i naud i frykt for eige liv og med fare for å bli utsette for grove overgrep.

Regjeringa har i framlegget til statsbudsjett styrka tilskota til integrering og busetjing. Det skal bidra til at det kan bli meir attraktivt for kommunane å busetje flyktningar. Spørsmålet er om dette er nok.

Kommunane har lenge vore lunkne til å prioritere busetjing av flyktningar, og syner til bustadmangel og for svak økonomisk kompensasjon. Staten har på si side vore halvhjerta i sine forsøk på å få kommunane til å ta meir ansvar, og syner til lokal sjølvråderett.

Midt i dette står dei busetjingsklare flyktningane og deira familiar. No er det på tide at vi sluttar å gjere dei til kasteballar og skubbe ansvaret over på kvarandre. No er det på tide med meir effektive tiltak. Ein må få slutt på denne langpininga av menneske i naud.