Statistisk sentralbyrå (SSB) har laga ei analyse og ei framskriving av behovet for helse- og omsorgsarbeidarar fram til 2060. Slike langsiktige framskrivingar brukar ofte å vere «tenk på eit tal», men prognosane blir sikrare dess nærare ein kjem. Dei neste femten åra meiner såleis SSB at Norge vil trenge heile 150.000 fleire helseårsverk enn i dag. Vidare meiner SSB at den totale sysselsetjinga fram mot 2060 kjem til å auke frå 2,36 til 2,82 millionar årsverk. Av dette vil parten som blir brukt på helse og omsorg kome til å auke frå 11 til 17 prosent. Det betyr ein vekst frå 260.000 til 480.000 årsverk.

I dag går nær 20 av 100 kroner i offentleg sektor til helse og omsorg. Dei komande 50 åra vil det skje ei dobling. Trass i milliardar frå oljefondet vil helse- og omsorgssektoren bli som ein gaukunge i offentlege budsjett, og ein hard konkurrent i kampen om arbeidskrafta.

Behovet for arbeidskraft vil særleg auke etter 2020, då ein endå større andel av dei eldre blir over 80 år. Det vil krevje fleire omsorgsplassar, og høgst truleg også høgare standard. Det vil heilt sikkert skje ei rivande teknologisk utvikling innanfor medisinering, diagnostikk og behandling som kan gi produktivitetsvekst i helse- og omsorgssektoren. Denne gevinsten meiner SSB ikkje kjem til å bli brukt til kostnadsreduksjon, men til auke i produksjonen.

Betre helse og lenger liv for eldre, kan paradoksalt nok bety auka etterspørsel etter pleie og omsorg fordi fleire kjem opp i den alderen at omsorgsbehovet blir større.

Eit spesielt illevarslande trekk som SSB peikar på er auken i pleie og omsorgsbehov blant den yngre del av befolkninga. Ein av 20 av dei som mottar varig omsorg er under 20 år, og heile 38 prosent av mottakarane er under pensjonsalder. Dei treng heimesjukepleie, hjelp til daglege gjeremål og dei treng støttekontaktar.

Behovet for arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren blir formidabelt, og vi gjer rett i å legge til rette utdanningssystemet for å ta unna denne veksten. I tillegg må vi nok også i framtida lite på at vi får rekruttering frå andre land. Skal vi få råd til å gi omsorg og pleie av ein slik standard som dei eldre fortener, vil vi trenge ein god og stabil økonomisk vekst å åra som kjem. Med fallande oljeinntekter blir det utfordrande.