Mens vi på etterjulsvinteren opplevde at det var så tørt og så lite snø at lyng- og skogbrannar øydela fleire kystsamfunn, så har resten av året vore prega av mykje fint vêr, bortsett frå nokre dagar med såkalla ekstremvêr. Både vinden og nedbøren har gjort stor skade i form av øydelagde hus, øydelagt skog og flaum. Det vanlege har vore at flaumen gjer størst skade i Gudbrandsdalen og på resten av Austlandet, men no er det kjende turiststader som Luster, Aurland, Flom, Voss og Odda som har fått store skader av flaumstore elvar.

På fleire av desse stadene snakkar ein om 200-års flaum. Det har med andre ord vore like ille om ein berre leiter langt nok bakover i tid. Det meste vi har sett når det gjeld klimaskadar har skjedd tidlegare. Vi har berre gløymt det, eller sett bort frå det. Før i tida gjekk kunnskapen om fare i arv frå generasjon til generasjon. I dag trur vi at vi er herre over alt. Det er ei farleg tru.

Cato Aall i Vestlandsforsking har studert ti tidlegare naturskadehendingar på Vestlandet, og har konkludert med at sju av ti skader kunne ha vore unngått om ikkje hus og vegar hadde vore feil plassert. Flaumstore elvar var det i tidlegare tider også, men dei bygde ikkje husa sine på elvebreidda, slik vi gjer i dag. I område med risiko for snøras eller jord- og steinras, plasserte dei husa sine slik at dei stod trygt. Generasjonars lærdom om kvar fonnene og skreda kunne kome, var dåtidas reguleringsplan. Mykje av dette er diverre gått i gløymeboka.

Det er nokså sikkert mange titusenvis fleire som bor risikoutsett, men risikoen har ein gløymt. Ansvaret for å ruste opp vernet mot naturskade er først og fremst kommunal. Det er i kommunane verneplanane og beredskapen bør ligge, men det overordna nasjonale ansvaret ligg i Norges vassdrags- og energidirektorat. Der i garden varslar dei at dei alt no har brukt opp pengane både for i år og neste år. Då må dei få meir. Dette er ikkje eit område der vi kan spare. Tvert om, her må vi satse både på førebygging og på reparasjon.