Vestlendingane er vel vande med å leve med tøffe naturkrefter. Vind, flaum og skred gjer ofte stor skade. Flaumskadane fleire stader i landsdelen denne veka er ei sterk påminning om dette.

Til alt hell var det denne gongen berre snakk om materielle skadar. Ingen liv gjekk tapt og ingen vart alvorleg skadde. Likevel er det snakk om dramatiske hendingar som vi må gjere meir for å verne oss mot. Vi må byrje å tenkje annleis når vi planlegg for nybygging.Byggstandardar må tilpassast eit barskare klima, og vi må i alle kommunar få på plass ei arealplanlegging som sikrar at nye bustader og næringsbygg vert lagt til trygge område. I dag har vi mange stader altfor dårleg oversikt over kva område som er utrygge, ikkje minst kva område som kjem til å bli det som følgje av klimaendringar.

Truleg er vi på veg inn i ei tid med meir nedbør og meir ekstremvêr. Vi kan slik oftare enn før verte utsette for flaumar, skred og orkanar som gjer skade på liv, helse og eigedom.

I dag har kommunane ansvaret for arealplanlegging og byggesakshandsaming, og det er kommunane som har ansvar for å vite kva område som vert utsett for fare i framtida ved klimaendringar. Olje- og energiministeren understreka dette under sitt besøk i dei flaumråka områda sist veke. Han seier at han forventar at kommunane tar dette ansvaret og skaffar seg gode flaumsonekart.Dette er det slett ikkje alle kommunar som har i dag. Med auka framtidige nedbørsmengder er det også truleg at ein del flaumsonekart er både forelda og for dårlege. Det same gjeld skredkartlegginga.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det overordna ansvaret for førebygging av flaumskadar og skredulykker. Dei siste åra har NVE kartlagt 130 vassdrag. Fleire tusen står att.

Skal vi få naudsynt fortgang i denne kartlegginga er det avgjerande at staten tek eit sterkare grep om den. Staten kan ikkje ta over ansvaret for arealplanar og byggjesaker frå kommunane, men kan stille klarare og strengare krav til den kommunale gjennomføringa.For å få opp gjennomføringskrafta må i tillegg staten stille med meir pengar til kommunane og tilby meir naudsynt kompetanse gjennom styrking av NVE.