Sogn og Fjordane er fylket her i landet med lågast kriminalitet, høgast levealder og lågast arbeidsløyse. Med andre ord eit fylke som er gått ut på dato. Iallfall om ein skal tru på forskarane.

Offisielle helsestatistikk fortel oss at fylket har færre sosialhjelpsmottakarar enn i landet elles, færre på uføretrygd og snittresultat i skulen på over landsnittet.

Dette er altså eit ikkje berekraftig fylke, sett med nokre ekspertar, og ikkje minst, stadig fleire politikar sine auge. Sogn og Fjordanes problem er at dei er for få og dessutan har for små byar. Dei sistnemnde problema forsvinn knapt om dei blir ein del av ein større vestlandsregion.

Akkurat no kan det sjå ut som at skjebnetrua er i ferd med å feste seg også hos fylkets eigne politikarar. Dei har fått stramma budsjettreima rundt halsen. Fylket har med meir eller mindre opne auge teke i mot for mykje pengar frå staten målt ut frå dei såkalla objektive kriteria i det sinnrike overføringssystemet mellom stat, fylke og fylkeskommunar. Ein kan spørje kven hadde ikkje gjort det om ein hadde fått pengane. Problemet er at fylket no er blitt sett på en hestekur av kommunalminister Jan Tore Sanner. Ein kur som ser ut til at normalt gjenstridige sogningar og fjordingar er i ferd med å bukke under i trua på at dei kan overleve som ei sjølvstendig administrativ eining.

No er det ikkje nødvendigvis slik at det gode liv heng saman med korleis dei administrative einingane er skrudd saman. Vi ser ikkje at ein stor vestlandsregion som strekkjer seg frå Stavanger til Romsdalsfjorden er svaret på eit tilvere med meir makt og innverknad over eigen kvardag. Tyngdepunktet i ein slik region vil heilt openbert ligge sør i regionen. At makt blir flytta frå Oslo til Bergen og Stavanger kan er ikkje, slik viser det, vere noko mål i seg sjølv.

Vi trur på løysinga med store berekraftige kommunar. Kommunar som er store nok til å overta ei rad av oppgåvene som i dag ligg hos fylkeskommunane og staten. Med slike kommunar kan ein få fjerna dei kunstige fylkesgrensene og Sogn og Fjordane kan saman med Møre og Romsdal fortsette å vere ein av dei beste regionane i landet for barn og unge å vekse opp i.