Det vart mange harde tak i forhandlingane mellom dei to regjeringspartia og dei to støttepartia, men det var lurt av dei å bruke så lang tid. Det understreka inntrykket av at dette var ein prosess der alle måtte gi og ta, og at dette ikkje var noko lettkjøpt kompromiss.

Politikk er då også definert som «det muliges kunst». Det er forsøkt skapt eit inntrykk av kaos og uoverstigelege samarbeidsproblem mellom dei fire partia, men semje vart nådd likevel.

Inntrykket av at dette var uvanleg kjem nok av at det er ni år sidan vi sist hadde ein budsjettprosess som skulle avgjerast gjennom forhandlingar i Stortinget. Gjennom åtte raudgrøne år skjedde krangelen om budsjettet mellom Ap, SV og Sp internt i regjeringa, og sjølv ikkje stortingsrepresentantane frå regjeringspartia hadde så mykje dei skulle ha sagt.

Med ei mindretalsregjering som blir sikra fleirtal av KrF og Venstre, skjer heile prosessen i Stortinget og med media utanfor døra. Preget av kaos verkar truleg større utanfor døra enn innanfor.

Det er liten tvil om at kompromissbudsjettet er meir balansert og sikkert også breiare forankra i opinionen enn det opphavlege framlegget frå regjeringa. H og Frp-budsjettet kom skeivt ut frå hoppet, og dei to partia bør ha lært at det ikkje er lurt å gi store skattelette til nokre av dei rikaste samtidig med at ein gjer det vanskelegare for dei fattigaste.

Regjeringspartia bør takke KrF og Venstre for at dei har pressa fram ein meir sosial og varmare profil på budsjettet. Det har dei gjort utan at det har øydelagt for dei fire partia sine profilsaker.

Sjølv om formuesskatten ikkje blir kutta med 0,75 prosent, men med 0,85 prosent i staden. så bør det vere til å leve med for både Høgre og Frp. Dei bør vere tilfredsstillande for dei at samla skatte- og avgiftslette er på 5,5 milliardar kroner. Venstre har fått gjennomslag for ein meir miljøvennleg samferdselssektor, og KrF har nådd fram med krava sine om ein meir sosial profil på budsjettet.

Når Ap på Sentio si måling i DN i går oppnådde 41,2 prosent oppslutning, så må nok Høgre/Frp-budsjettet og måten det vart presentert på, ta mykje av ansvaret for det. Bakgrunnstala viser at veksten i stor grad kjem frå fjorårets sofaveljarar. Det blir spennande å sjå kor lenge det går før dei set seg ned att i sofaen.