Vi har hatt fleire mediesaker om personar som med tvang er blitt kasta ut av arbeidslivet etter fylte 67 år. Dei har vore friske, oppegåande og i aller høgste grad kompetente. Den mest kjende av sakene handla vel om NRK. veteranen Steinar Mediaas som til og med gjekk til sak mot arbeidsgivaren sin for å få bli verande, men tapte på grunn av lovverket. Det er meiningslaust at friske og arbeidsføre menneske skal bli sparka ut av arbeidslivet fordi dei har passert ein vilkårleg alder.

Arbeidstakarar kan velje å pensjonere seg frå fylte 62, og det bør det framleis vere opning for. Det bør ikkje vere ein tvang at ein skal jobbe lenger enn 67 år, men det bør heller ikkje vere ein tvang at ein skal slutte. Helsa, familiesituasjonen, lysta og trivselen ved det å arbeide bør få avgjere, ikkje eit stivbeint regelverk.

Det er fornuftig av arbeidsminister Robert Eriksson at han no sender ut på høyring eit framlegg om å heve aldersgrensa i arbeidslivet til 72 år, og med varsel om at det blir lagt opp til heving til 75 år seinare. Det siste bør ein vente med inntil ein får erfaring med 72 års grensa. Det er lurt å gå fram skrittvis.

Dette er ei naturleg utvikling som følgje av at folks helsetilstand er blitt vesentleg betre og at levealderen har auka. Det same har utdanningsnivået. Arbeidslivet har også endra seg. Langt færre har fysisk tunge jobbar. Stendig fleire sit ved dataterminalar. Det tilseier at aldersgrenser som før var eit vern mot å måtte jobbe lenger enn helsa held, no ikkje bør vere eit stengsel for dei som har lyst til å jobbe.

Parallelt med ei slik reform må det gjerast meir for å få fleire 60-åringar til å arbeide lenger. Ein må også gjere noko med dei såkalla særaldersgrensene i offentleg sektor som gjer at folk kan slutte med pensjon når dei er 57. Med ei høgare aldersgrense som gir deg rett til å jobbe dersom helsa og kvalifikasjonane er på plass, vil nok også pensjonsalderen på 67 år kome under press, men endringar både på pensjonsalder og særaldersgrenser er ein del av arbeidsavtalane og må i så fall gjerast til eit forhandlingstema. Arbeidsministeren har valt å styre unna det i denne omgang, og der er sikkert lurt. Det er urimeleg at arbeidsføre menneske skal måtte gå etter fylte 67 år