Leiinga i det regionale helseføretaket i Stjørdal burde ha klart for seg kor betent prosessen har vore når det gjeld å planlegge og lokalisere eit felles sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Astrid Eidsvik har køyrt ein ryddig og open prosess som har skapt tillit og dermed også ro. Det har heile tida vore opplegget at først skulle styret i Helse Møre og Romsdal kome med sitt framlegg til lokalisering av den nye sjukehuset.

Dette framlegget skulle så gå til det regionale helseføretaket sitt styre, der det regionale helseføretaket sitt syn på lokaliseringa skulle avgjerast. Som siste instans skulle så helseminister Bent Høie seie ja og amen. Han vil neppe vere så dum at han gir seg til å endre på det som er forankra lokalt. Då vil protesttoga bli dobbelt så lange som då tidlegare helseminister Anne-Grete Strøm Erichsen prøvde på nettopp det i 2010.

Konstituert adm.dir. i det regionale helseføretaket har tydeleg signalisert til Astrid Eidsvik at han er usamd med det lokaliseringsalternativet ho kjem til å foreslå. Det har tydelegvis vore maktpåliggjande for han at det ikkje skal vere avvik mellom framlegget til Helse Møre og Romsdal og det som leiinga i det regionale helseføretaket har tenkt å gjere framlegg om. Så sårbar som denne prosessen er, skal det ikkje meir til av press ovanfrå før Astrid Eidsvik kjenner på det som eit tillitsbrot. Det var hennar sjølvstendige ansvar å kome med framlegg til lokalisering på vegner av Helse Møre og Romsdal, og det var ikkje det regionale helseføretaket sitt syn ho skulle målbere.

Daniel Haga har gjort same tabben som Strøm Erichsen og lagt grunnlag for nye protesttog. Astrid Eidsvik har hatt stor tillit, og vi må seie oss samd med helsepolitikkveteranen Asmund Kristoffersen når han viser til kor slett moral som ligg i eit forsøk frå Haga på å tvinge Astrid Eidsvik til å meine noko anna om plasseringa av sjukehuset enn det som ho sjølv har konkludert med etter ei grundig utgreiing.

Kristoffersen meiner Haga har lagt i grus ein tillitvekkjande prosess som Astrid Eidsvik har stått for. Det har han heilt rett i.Astrid Eidsvik sin jobb var å kome fram til ei lokalisering av nytt sjukehus som er til det beste for pasientane og for Helse Møre og Romsdal. Ho har tydelegvis konkludert med at ei lokalisering nær Kristiansund er det mest fornuftige. Det vil sikre pasientgrunnlaget i Møre og Romsdal best. Ei lokalisering nær Molde ville få mesteparten av Nordmøre til å bli pasientgrunnlaget til Orkdal sjukehus og St. Olav.

Med Møreaksen og ny firefelts E39 vil avstanden frå Romsdal til Ålesund sjukehus tidsmessig bli dramatisk kortare. Når ferja over fjorden forsvinn og med ny veg vil sørsida nesten uansett kome til å bruke sjukehuset i Ålesund, framfor å måtte reise rundt og inn til Hjelset. Kanskje er det eit slikt opplegg som fall Daniel Haga tungt for brystet, og som han protesterte mot? Hans alternativ er tydelegvis Hjelset.

Det må vere eit krav at styret i Helse Møre og Romsdal fritt får kome med sin konklusjon utan innblanding frå høgare hald. Det må spelast med opne kort og alle fakta må på bordet. For helseministeren må den lokale konklusjonen vege tyngst. Astrid Eidsvik har leia ein ryddig prosess. Hennar konklusjon må kome fram usensurert.