Fleirtalet i det såkalla pelsdyrutvalet går inn for ei berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. I klimaet som rår no, gir det likevel ingen garanti for framtidig drift.

Utvalet som la fram sin rapport i går, vart nedsett av Stoltenberg-regjeringa. Føremålet var ei utgreiing som skal gir føreseielege rammevilkår for næringa, der alternativa var ei berekraftig utvikling eller styrt avvikling.

Næringa har lenge vore utsett for press etter gjentekne avsløringar om kritikkverdig dyrehald. Sterke bilete av mink og rev med stygge skadar har gjort sitt til at stadig fleire meiner dette er ei næring som må avviklast.

Seinast i førre veke røysta alle parti på Stortinget med unntak av Senterpartiet og Miljøpartiet for eit forslag om å be regjeringa vurdere eit forbod. I fleire andre europeiske land er det vedteke forbod mot hald av enkelte pelsdyrartar.

Med pelsdyrutvalet sin gjennomgang av næringa har vi no fått ein grundig og faktabasert gjennomgang. Utvalet har tatt for seg både næringa si verdiskaping og økonomiske betydning og dei etiske og miljømessige problema.

I dag er dette ei næring som gir arbeid til ein stad mellom 350 og 450 personar. Norge står for rundt ein prosent av verdsproduksjonen av skinn.

Eksportverdien er avhengig av prisane på den internasjonale marknaden, og har dei siste åra variert frå rundt 200 millionar til nær 500 millionar kroner årleg.

Mange politikarar kan nok kynisk sett difor vurdere det slik at den enklaste vegen å gå, er å setje kursen mot avvikling av næringa. Protestane frå dyrevernorganisasjonane kan over tid vere vanskelegare å leve med enn dei negative ringverknadene av ei styrt avvikling.

I alt dyrehald, både husdyrhald i landbruket og hald av kjæledyr, møter vi etiske problem, miljøproblem og tilfelle av dyr som vert mishandla. Slike problem og utfordringar skal vi ta alvorleg, og mishandling av dyr kan vi sjølvsagt ikkje akseptere.

Mishandling av dyr må etterforskast og straffast, anten det gjeld mink og rev eller kyr, kattar og kaninar. Ei næring kan likevel ikkje avviklast åleine fordi det finst døme på grove lovbrot, men straffa må vere så streng at ingen kan spekulere i å kalkulere med lovbrot som ein del av «risikoen» ved drifta.

Når motstanden mot næringa no er veksande både i politiske og faglege miljø, har næringa i stor grad seg sjølv å takke. Også seriøse representantar for næringa har vore meir opptekne av å bagatellisere problema enn å ta tak i dei og ta avstand til lovbrota.

Framtida til pelsdyrnæringa bør likevel ikkje verte avgjort av enkelte døme på uakseptabelt dyrehald eller lydnivået på protestane. Denne næringa har som alle andre krav på ei sakleg vurdering av fakta.

I denne gjennomgangen bør ein også sjå på kva tiltak som kan gjennomførast for å styrke kontrollen, samstundes om ein ser på tiltak som aukar dyrevelferden også i den delen av næringa som i dag held seg på rett side av dei etiske grensene. – Mishandling av dyr må etterforskast og straffast