Statsminister Erna Solberg har heilt rett når ho på den halvårlege pressekonferansen sin i går måtte vedgå at veljarane likte Høgre/Frp-regjeringa betre i fjor, og ikkje minst før valet. Ei lita trøyst kan det vere at det gjekk kortare tid før den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa miste fleirtalet sitt på meiningsmålingane i 2005.

Ikkje minst det inntrykket som statsbudsjettet skapte blant veljarane, og som resulterte i at Høgre og Frp tapte til saman seks prosentpoeng i gjennomsnittleg oppslutning på meiningsmålingane, må ta mykje av skulda. Noko av forklaringa er slett salsarbeid, men også det inntrykket av kaos som vart skapt i samband med dei knallharde forhandlingane mellom regjeringa og KrF og Venstre. Det er nok heilt rett som det har vore signalisert at ein bør prøve å unngå slikt kaos ved framtidige budsjett, og det betyr vel at dei fire partia som utgjer regjeringa sitt parlamentariske grunnlag, må kome saman og forhandle før budsjettet blir offentleg.

Eigentleg er det Høgre som har fått mest juling i haust, mens det er Frp som har tapt mest på målingane. Det kjem kanskje av at Frps veljargrunnlag sit lausare. Dermed er det også lettare å vinne tilbake. Høgre får garantert også store problem på Nordmøre etter vedtaket om sjukehusplassering. Til gjengjeld vinn kanskje partiet fleire veljarar i Romsdal.

Uansett blir kommunevalet neste år ein skikkeleg prøvestein på kor sterk regjeringa vil vere i tida fram til stortingsvalet i 2017. Gjer KrF og Venstre eit dårleg kommuneval, så kan det styrke dei kreftene i dei to partia som vil kutte ut støtteavtalen med regjeringa. I praksis vil det i så fall bety regjeringskrise, og det ønskjer i alle fall ikkje Jonas Gahr Støre no. Det er også vanskeleg å sjå at KrF og Venstre skal kunne oppnå større politisk makt med så lite veljargrunnlag dei har, enn det dei har gjort i dette første halvåret av regjeringsperioden.

Statsminister Erna Solberg har heilt rett i at utfordringa framover blir å stimulere til etablering av nye arbeidsplassar til erstatning for dei som går tapt i oljenæringa. Nye produkt og nye næringar må på plass. Produktiviteten i fastlandsøkonomien må opp, og det må framleis satsast sterkt på samferdsel og det å skape robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar.