I Kristiansund vurderer dei om prosessen med å fastlegge kvar det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal ligge, skal få eit rettsleg etterspel. Det er opplagt fleire sider ved saksførebuinga som er uklare og som kan vere mat for juristar. Om helseminister Bent Høie uformelt har fortalt tidlegare styreleiar i Helse Midt, Marte Styve Holte at han er tilhengar av å plassere det nye sjukehuset på Opdøl, så kan han ha brote helseføretakslova som seier at han berre kan signalisere sitt syn i eit formelt føretaksmøte. Også presset mot Styve Holte om å sparke direktøren i Helse Midt, Trond Michael Andresen, utan å gå vegen om eit føretaksmøte, kan vere juristmat.

Fram til Astrid Eidsvik fann å måtte trekkje seg, hadde førebuinga av saka om tomteval gått ryddig for seg. Alle partar verka å ha tillit til prosessen. Eidsviks avgang skal ha samanheng med press i retning av at ho måtte velje tomta på Opdøl, framfor det som var hennar primærstandpunkt, tomta på Storbakken i Frei. Fagdirektør Odd Jarle Veddeng som var på møtet, skriv i eit notat at direktør Daniel Haga i Helse Midt på møtet gjorde det klart at ein også i styret i Helse Møre og Romsdal måtte få eit vedtak som kunne bli vedteke også i Helse Midt-styret, og det kunne berre bli Opdøl. Det bør klarleggast i kva grad dette også er i strid med lova om helseføretak.

Det skal nok mykje til for at avgjerda om å velje Opdøl kan bli omgjort. Det er uansett viktig at alt som heiter teieplikt blir rydda av vegen, slik at alle kan snakke fritt. Om ikkje anna så kan nokre leiarar ligge tynt an. Det er også viktig at Helse Møre og Romsdal får tilsett ein ny direktør etter Astrid Eidsvik, og det bør så avgjort vere ein med røynsle frå og helst også oppvekst i dette fylket. I den turbulente situasjonen bør det vere uaktuelt å velje ein frå byråkratiet i Helse Midt.

I denne vanskelege prosessen med å redusere talet på sjukehus i Nordmøre og Romsdal frå to til eitt, visste alle at ein av dei to byane ville bli tapar. Å lansere eit tomtealternativ på eit jorde midt imellom var nok berre humbug. No blir nok Kristiansund taparen, men det kunne ha gått annleis om Astrid Eidsvik hadde fått lagt fram innstillinga si. På engelsk heiter det «close race».