Rapportar om utvikling av pressefridom rundt i verda, er dyster lesing. Åtak på journalistar er blitt meir barbarisk og talet på bortføringar og arrestasjonar har auka. Til no i år er 66 journalistar blitt drepne på jobb, opplyser organisasjonen Reporters without Borders. Aller farlegast har det vore å rapportere frå Syria. Dei grufulle overgrepa som er utført av Den islamske staten (IS), viser kva risiko folk utset seg for ved å dekke konfliktar. Det er i Midt-Austen og Nord-Afrika ein finn landa som har dårlegast vilkår for pressefridom, og kvart år blir folk slått, kidnappa, torturert og drepne for ytringar som ikkje er godtekne av styresmakter eller andre matkpersonar.

Drap og forfølging av journalistar, råkar ikkje berre desse personane, men heile samfunn. Dersom ingen rapporterer om overgrep, vil uretten halde fram i det stille. Pressefridom og ytringsfridom er heilt avgjerande for å verne om alle dei andre menneskerettane, og for at eit demokrati skal fungere.

Alle har ein grunnleggjande rett til å bli informert, og til å få vite korleis dei folkevalde forvaltar makta. Det er berre ei fri og uavhengig presse som kan sørgje for dette. Derfor er det grunn til å gle seg over at Norge, saman med Nederland og Sverige, toppar lista over land med størst pressefridom, ifølgje rapporten Freedom of the Press 2014. Dette gir oss samtidig eit ansvar for å forvalte denne fridomen på ein rett måte, ved å bruke tid og krefter på å avdekke det som er vesentleg.

Organisasjonen Freedom House har rangert 197 land i sin rapport om pressefridomens kår. Dei fann ut at det er full pressefridom i berre 63 land. Det vil seie at berre 14 prosent av jordas befolkning har tilgang på ei fri presse, medan 44 prosent lever i land der det ikkje er pressefridom og 42 prosent med delvis pressefridom. Tilbakegangen i presse- og ytringsfridom blir i hovudsak forklart av utviklinga i fleire land i Midtausten, som Egypt, Libya og Jordan. Dei siste månadene er det særleg utviklinga i Tyrkia som har gitt grunn til uro. Nyleg gjekk tyrkisk politi til aksjon mot ei stor avis og ein fjernsynskanal og arresterte meir enn 20 journalistar.

Det fins mange ulike organisasjonar som kjempar ein viktig kamp for ytringsfridom og menneskerettar. Ein av dei er International Press Institute (IPI) som arbeider for å forsvare pressefridomen og sikre trygge arbeidsforhold for mediefolk over heile verda. I haust har IPI sett i gang ein global nettkampanje; #Wewantchange, der journalistar frå ulike land fortel historier om vald og trugsmål, for å kunne dokumentere kva som går føre seg. Målet er å skape ein global opinion mot undertrykking av fri informasjon og debatt. Internasjonal merksemd og press frå folk og organisasjonar som bryr seg er avgjerande for å kunne skape den endring som er nødvendig.