Det var på høg tid at regjeringa kom med utlysing av den 23. konsesjonsrunden. For første gong sidan 1994 blir det opna for utforsking av eit heilt nytt område på norsk sokkel. Tildeling av nye areal er heilt avgjerande for aktiviteten og verdiskapinga på sokkelen. Vi er langt frå ferdig med oljealderen endå, og dei låge oljeprisane kan ha fått både oljenæringa og heile maritim sektor til å deppe meir enn det er grunnlag for.

Det er knytt store forventningar til kva som kan finnast av olje- og gassressursar på dei 34 blokkene søraust i Barentshavet og dei 20 blokkene elles i dette halvområdet. Berre prøveboring kan seie noko sikkert, men før det kan skje i den delen av Barentshavet som ligg lengst mot nord, må Stortinget vurdere og eventuelt vedta ein ny definisjon på kvar iskanten er.

Hittil har det vore brei semje om ein definisjon av iskanten som eit område der det er 30 prosent sjanse for å støyte på is i april. Dette har vore regjeringa sitt utgangspunkt for å ha signalisert ei iskantgrense lenger nord enn tidlegare, fordi havisen har smelta så mykje sidan denne definisjonen vart vedteken at det no er ope hav lenger nord. Denne flyttinga er både Norsk Polarinstitutt og støttepartia KrF og Venstre skeptiske til, men det er mykje som tyder på at både Ap og Sp vil støtte regjeringa i å halde på den gamle definisjonen. Dermed kan det opnast for leiting lenger nord enn det har vore høve til tidlegare.

Låg oljepris og dårlegare marknadsutsikter gir ei langt lågare investeringstakt på norsk sokkel. For heile næringa, og også for dei som leverer varer og tenester til oljenæringa, er det viktig at leiteaktiviteten blir halden på eit høgt nivå. Det er også viktig å vere langsiktig og til å lite på for at norsk sokkel framleis skal vere eit attraktivt område å investere i. Ein må sjølvsagt ta miljøomsyn i dette sårbare området, og ein må passe på ikkje å kome for nært det særs produktive biologiske området nær iskanten. Det er likevel eit faktum at dette området har flytta seg nordover på grunn av issmeltinga. Med eksisterande definisjon er det klimaet som har gjort det, og ikkje regjeringa.

Det som er meir usikkert er om det med dagens oljepris nokon gong vil lønne seg å utnytte eventuelle olje- og gassressursar som blir funne i desse nordlegaste havområda. Ei eventuell utvinning vil nok krevje vesentleg høgare olje- og gassprisar enn dagens. Det vil opplagt også bli sett strenge restriksjonar på verksemda for å unngå både utslepp og annan forureiningsfare. Olje- og energiminister Tord Lien har sagt at rammene for utvinningsløyve i desse nordlegaste områda vil vere slik at det ikkje kjem til å bli sett i gang petroleumsverksemd ved iskanten i denne stortingsperioden. Kva som skjer i den neste, blir ei anna skål.

Petroleumsnæringa er den viktigaste næringa her i landet, og kjem til å bli det også i nokre tiår framover. For å halde oppe både sysselsetjing og kompetansenivå er vi avhengig av leiteaktivitet og nye funn, men vi treng også ny teknologi og ei meir miljøsikker utvinning.