Ordførarar og næringsliv frå Nordfjord og frå Sunnmøre på sørsida av Storfjorden mobiliserer for opprusting av vegen over Strynefjellet. Dette er ei mobilisering som fleire bør slutte seg til.

Strynefjellsvegen har vore og vil framleis vere ein svært viktig veg for denne landsdelen. Då det kom ny veg med tunnelar i slutten av 70-talet, var det eit stort steg framover. I dag er dessverre standarden på tunnelane utdatert og dels kritisk dårleg.Denne viktige vegen mellom aust og vest treng sårt til ei oppgradering. Nye tunnelar er kostnadsrekna til rundt fire milliardar kroner. Det hastar med å få gjort denne veginvesteringa. Ein må også få knytt på ei arm frå Strynefjellet til Geiranger, for å sikre vinteropen veg herifrå til turistbygda.

I Statens vegvesen si utgreiing om sambanda mellom Aust- og Vestlan seier ein at med ferjefri E39 vil det vere raskare å reise frå Nordvestlandet til Austlandet via Sogn enn over Strynefjellet. Det føreset tunnel gjennom Hemsedalfjellet, men ikkje minst at brua over Sognefjorden står ferdig.

Fram til kryssinga av Sognefjorden er klar, vil Strynefjellvegen uansett vere den viktigaste vegen austover for søre Sunnmøre og Nordfjord. Når bru over Storfjorden er klar, vil verdien av denne vegen auke kraftig også for området rundt Ålesund og nordre Sunnmøre elles.Sjølv etter at snora er klipt på brua over Sognefjorden, vil riksveg 15 over Strynefjellet vere viktig. Vegen vil både vere eit naudsynt, alternativt samband, verdifullt for turistnæringa og viktig for å binde regionen saman.

La det ikkje vere tvil om at bru over Sognefjorden er eit viktig prosjekt i det viktigaste vegprosjektet for Vestlandet, ferjefri E39. Samstundes veit vi at dette vil vere den teknologisk mest utfordrande fjordkryssinga på kyststamvegen. Det vil ta lang tid før den er realisert.

Di lengre tid dette tar, di meir hastar det med å ruste opp Strynefjellvegen. Dette handlar om å skape ei effektiv ferdselsåre mellom Nordvestlandet og Austlandet, men også å tilfredsstille krava om tunneltryggleik.Konseptvalutgreiinga for Strynefjellsvegen ligg no til handsaming i regjeringa. Det er viktig at denne no får høg prioritet, og at ikkje nokon lar seg villeie til å tru at prosjektet har vorte mindre viktig med E39-satsinga.