Lastebileigarane vil ha krav om minsteløn for å hindre sosial dumping med underbetalt arbeidskraft i transportnæringa. Dette er eit rimeleg krav i ei næring med altfor mange døme på uverdige løns- og arbeidsvilkår.

For lastebilnæringa handlar dette om tiltak for å sikre meir like konkurransevilkår. Sosial dumping kjem på toppen av juks med kabotasjereglane, bruk av køyrety med alvorlege tekniske manglar, bomsniking og uverdige arbeidstilhøve for sjåførar.

I fleire europeiske land har dette medverka til at det har vorte eit kraftig fall i talet på tilsette i den nasjonale transportbransjen. Norge er eitt av dei landa som har merka dette mest, på grunn av at norske transportørar må etterleve strenge krav og rettar seg etter nasjonale tariffavtalar.

Norske politikarar vil ha mektige allierte med på laget om dei går inn for å sikre eit anstendig lønsnivå for lastebilsjåførane. Både Tyskland og Frankrike går i bresjen for slike minstelønsordningar, sjølv om kravet er omstridd i EU.

Tyskland vedtok nyleg å innføre krav om at sjåførar som køyrer på tyske vegar, skal ha minst 8,5 euro i timen. Franske styresmakter har i kjølvatnet av det tyske vedtaket gjort framlegg om at det tilsvarande skal vere ei minsteløn på 9,1 euro.

Minstelønskrava møter også motstand i EU, frå land som meiner dette ikkje handlar om sosial dumping, men om å verne eige næringsliv mot konkurranse. EU-kommisjonen har allereie teke saka opp med Tyskland.

I eit land som Danmark er det på få år forsvunne heile 8.000 sjåførarbeidsplassar. Årsakene er sjølvsagt fleire, men det er ikkje tvil om at sosial dumping er ei viktig forklaring på denne utviklinga.

Sunn og fri konkurranse må vi sjølvsagt både akseptere og arbeide for, men sosial dumping og lovlause tilstandar må vi kjempe imot. Om krav om minsteløner syner seg å vere eit godt verkemiddel, bør vi innføre det som er den norske motsatsen til lovfesta minsteløn – allmenngjorde tariffavtalar.

Dette er innført i fleire bransjar som bygg, verft, reinhald, fiskeindustri og landbruk. Transportsektoren bør snarast kome til på denne lista. Kontrollen må i tillegg prioriterast langt høgre enn i dag. Det gjeld både arbeidsvilkår, ulovleg kabotasje og andre lovbrot.