Stortinget vedtok natt til i går regjeringa sitt framlegg til klimamål for 2030. Dette er eit viktig steg fram mot eit kraftig kutt i klimautsleppa. No er det viktig å få fortgang i korleis kutta skal takast.

Vedtaket Stortinget fatta ved tretida natt til onsdag betyr at Norge saman med EU pliktar seg til å kutte klimautsleppa med minst 40 prosent. Dette er eit løft i ambisjonane samanlikna med tidlegare mål.

Norge er med dette godt i rute med å fastsetje klimamål framfor klimatoppmøtet i Paris i desember. Vedtaket seier derimot ikkje noko om kor store kutt som skal takast nasjonalt. For å sikre nasjonale kutt er det viktig at denne avklaringa ikkje dreg ut i tid.

Krefter i det politiske miljøet og i næringslivet vil at store delar av dei norske kutta skal takast i andre land. EU-minister Vidar Helgesen er mellom dei som nyleg har gitt uttrykk for ei slik line.

Då det i førre månad vart klart at Norge skal knyte seg opp mot EU sine klimamål, gjorde han det klart at han meiner at store deler av dei norske kutta skal takast i land som Polen og Romania.EU legg sjølv opp til at klimakutta skal takast der det gir mest effekt. Land som Polen peikar seg då ut som eitt av dei mest CO²-intensive landa i Europa. Landet har stor kolbasert energiproduksjon, men deler ikkje EU sine langsiktige klimamål.

Skal vi oppnå effektive kutt er det klart fornuftig å gå laus der ein får mest effekt att for kvar krone i kostnad. Sett i eit slikt perspektiv kan det vere både rett og viktig å setje inn tiltak i dei store utsleppslanda i EU.

Likevel kan vi ikkje gjere dette til ei sak vi shoppar oss ut av, korkje med å handle klimakvotar i U-land eller ved å ta rekninga for kutt i EU-land.

Både ut frå eit rettferdsprinsipp og vår økonomi må vi ta solide nasjonale kutt. Vi har både plikt og evne til å utvikle ein grønare industri, CO²-handtering, fornybar energi samt å kutte i transportsektoren og skipsfarten.

Vi må snarast fastsetje mål for dei nasjonale kutta på ein måte som ansvarleggjer og som peikar ut retning. Dei naudsynte omleggingane er både komplekse og tidkrevjande, og vi har berre tida og vegen fram til både 2030 og målet om å vere karbonnøytrale i 2050.